Omfanget av trålspor på havbotnen nord for Svalbard har overraska havforskarane. Dei hadde venta å finne store område med urørt havbotn, samt eit og anna trålspor frå fiskeriaktivitet, men fann noko heilt anna på toktet sist sommar: På dei mest populære fiskedjupnene vart det observert trålspor på heile 52 prosent av dei undersøkte lokalitetane.

Botntråling har skada leveområda til sjeldne og sårbare artar, og denne kunnskapen må få konsekvensar for korleis områda skal forvaltast vidare.

I artikkelen «Tause arter betaler for tråleventyr» set Sunnmørsposten søkelys på dette problemet. Ved å analysere store mengder data, kan vi dokumentere at russiske og sunnmørske fartøy har vore dei største aktørane. Medan russarane og eit nordnorsk reiarlag har tatt mykje torsk, har sunnmørsbåtane hovudsakleg tatt reker.

Det er viktig å understreke at fiskeria vi fokuserer på i vår artikkel, er lovlege, eller var lovlege på det tidspunktet fangstane vart tatt. Spørsmålet er kva som skal skje vidare framover.

Forsking er viktig for å forstå konsekvensane av menneskelege aktivitet på havbotnen. Tap av natur går stadig raskare, og er med på å svekke livsgrunnlaget vårt. Dei siste åra er det blitt større forståing for at naturkrise og klimakrise heng tett saman, og at vi ikkje kan vere likegyldige.

Den mest effektive måten å fange djuphavsreker på, er med botntråling. Metoden går ut på å slepe tunge reiskap over havbotnen for å fange fisk og skaldyr, og har lenge vore kontroversiell. Kjettingar og tunge tråldører knuser organismar og grev opp grus, mudder og slam. Dette legg seg over koralltre, svampdyr og anna liv, og svekkjer deira moglegheit for å ta til seg næring, og dermed overleve. Sjeldne og sårbare artar har også sin funksjon i eit finstemt skaparverk, og fortener merksemd.

Forskingsprosjektet Mareano har gjort det mogleg å studere havbotnen på ein meir omfattande måte enn tidlegare ved å bruke avansert teknologi. Dette har gitt ny kunnskap.

Når det kan dokumenterast store skader på havbotnen etter botntråling, må noko gjerast. Det er både behov for å avgrense trålinga i dei mest sårbare områda, og utvikle meir skånsame fangstmetodar.

Djuphavsreker og andre arter er viktige matressursar. Eit av FNs berekraftsmål handlar om å utrydde svolt, og mat frå havet blir stadig viktigare i ein global samanheng. Derfor er det avgjerande at ein klarer å utnytte havet på ein måte som ikkje skadar det marine økosystemet.

Denne kunnskapen må få konsekvensar for korleis områda skal forvaltast vidare