Talet på kor mange som meiner dei får gode offentlege tenester for skattepengane sine, stuper. Ikkje sidan 2013 har så mange vore misnøgde.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) bør sjå nøye på dei tala.

Er det noko som får veljarar til å flykte kjapt, så er det at dei får dårlegare råd. Får dei dårlegare råd, så vil dei i alle fall ha kvalitet for pengane – også skattepengane.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) presenterte Innbyggerundersøkinga 2024 tirsdag. Den måler nordmenn sin tillit til politikarar og institusjonar, samt kor nøgde dei er med tenestene frå det offentlege.

For å slå det fast først som sist: I det store og heile er tilliten til det offentlege og politikarane høg. Fleirtalet er også nøgde med kvaliteten på tenestene.

Men pilene peikar nedover. Tilliten til både politikarar og offentlege institusjonar har falle sidan den førre undersøkinga for to år sidan. Trenden over tid er også at vi blir gradvis mindre nøgde med dei offentlege tenestene.

Auka levekostnader og utrygge tider påverkar naturleg nok resultatet.

Den som vil leve lenge i regjering, skal likevel vere forsiktig med å tru at alt blir bedre når rentetoppen er passert og inflasjonen normaliserer seg. Ikkje på ti år har så mange vore misnøgde med det dei får att for skattepengane sine.

Andelen som er nøgde har stupt med ti prosentpoeng på to år.

Ikkje nokon gong tidlegare i denne undersøkinga har fallet vore like bratt. Talet på kor mange som er negative til kva dei får att for det dei betalar i skattar, avgifter og eigenandelar har stige like mykje. I 2021 var kvar fjerde misnøgd med kva dei får att for skattepengane. Då undersøkinga vart gjenteken i fjor haust sa ein av tre det same.

Dyrtid og høg rente er nok ei viktig årsak til at haldningane har endra seg så brått. For dagens regjeringsparti er det likevel eit problem at fallet i tillit til bruken av skattepengane fell saman med regjeringsskiftet og ein meir intens skattedebatt.

Folk flest har ikkje fått auka skatt i perioden. Tenestene har heller neppe blitt dårlegare på dei to åra som har gått.

Likevel svarer så mange fleire at dei er misnøgde med kvaliteten på det dei får att for skattepengane. I tillegg viser tillitsundersøkinga til DFØ at misnøyen i dag ikkje har vore større sidan 2013. Det var sist Senterpartiet og Arbeidarpartiet sat i regjering saman, den gong i lag med SV.

Om ikkje Vedum og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tar dette på alvor, kan dei raskt hamne i den politiske svingdøra ved valet neste år – på veg ut av regjering.