Finansieringa av nytt sjukehus i nordfylket vil verte krevjande. Det er det ingen tvil om. Likevel bør det ikkje vere tvil om ambisjonen om å etablere eit topp moderne sjukehus innanfor dei vedtekne rammene.

Det er difor grunn til å stille spørsmål ved at styremedlemmar i Helse Møre og Romsdal kastar fram forslag om å barbere den økonomiske ramma med over ein firedel. Det står fram som lite gjennomtenkt.

Sjølvsagt har styret ansvar for økonomien. Sjølvsagt har styret ansvar for å gjere naudsynte grep for å halde skuta på rett kjøl, og sørge for at føretaket er i stand til å gi dei tenestene det er sett til. Det inneber også eit ansvar for å rope varsku, sjølv når det er upopulært. Men eit styre må også vere tru mot eigen prosess.

Prosjektorganisasjonen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal jobbar etter ei bestilling. I den bestillinga heiter det at sjukehuset skal planleggast innanfor ei ramme på 4,3 milliardar kroner. Dette er ei bestilling som også er stadfesta av styret i Helse Midt og av helseministeren.

Ein føresetnad for at dette kan finansierast, er at Helse Møre og Romsdal får stell på eigen økonomi. Det slit føretaket med å klare. Den økonomiske situasjonen har tvert imot blitt verre. Skulda for det er det mange som har del i, og utviklinga har mange årsaker. Ikkje minst tappa innføringa av den såkalla «Magnussen-modellen» fylkesføretaket hardt.

Ansvaret er det styret som har.Over sommaren skal konseptfaserapporten for det nye sjukehuset vere ferdig. Då må arbeidet med å kvalitetssikring startast. Parallelt må arbeidet med å sikre det økonomiske fundamentet intensiverast.

Ein skal ikkje sjå bort frå at styret kjem i ein umogeleg økonomisk situasjon til slutt. Det har styret og den enkelte styremedlem både lov og plikt til å seie frå om allereie no, slik ei rekkje av styremedlemmane gjorde i siste møte, inkludert styreleiaren.

Styret har plikt til å leite etter løysingar, både innan eigne rammer og mot overordna organ. Når ein no over bordet synsar på konkrete kuttforslag, står det derimot fram som uklokt. Ein må i alle fall la kniven ligge til ein veit at ein er tvinga til å kutte. Då får ein på ein ryddig måte ta den smertelege kampen om kvar det må kuttast.

– Sjølvsagt har styret ansvar for å gjere naudsynte grep