Fylkestinget i Møre og Romsdal får smekk over fingrane av Kommunaldepartementet for budsjettvedtaket før jul. Måten fylkestinget skubba frå seg ansvaret for å fordele kutta, ville isolert sett vere nok til ein billett rett på ROBEK-lista.

Departementet vel likevel å la nåde gå for rett.

Ein slik budsjettpraksis bør likevel ikkje bli ein vane. I alle fall ikkje om ein vil forvalte ansvaret ein har fått frå veljarane - og om ein ikkje vil bryte lova.

For det er akkurat det departementet meiner fleirtalet i fylkestinget gjorde. KrF, Venstre, Høgre og Frp plussa på 118 millionar på fylkeskommunedirektøren sitt framlegg til budsjett. Slikt må sjølvsagt finansierast med kutt andre stadar.

Å fordele kutta mellom budsjettområda – altså mellom samferdsel, skule osv., overlot dei til fylkeskommunedirektøren.

No har departementet sendt brev med klar beskjed om at dette er eit brot på kommunelova.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak meiner ho ikkje har mynde til å bestemme korleis budsjettkutta til fylkestinget skal fordelast mellom ulike budsjettområde. Foto: Sunnmørsposten

Ein er ikkje ein kriminell som må sone på vatn og brød fordi ein bryt kommunelova. Kriminelt dårleg budsjettpraksis kan det likevel vere. Det ser vi resultatet av no. Det er opprør i vidaregåande skular som er pålagt å gjennomføre smertefulle kutt.

Budsjettkameratane seier no at det slett ikkje var meininga.

Fylkeskommunedirektøren har forsvart at ho må bruke «ostehøvel» og kutte jamnt med at ho ikkje har heimel til å anna, at ho ikkje kan kutte meir i samferdsel enn i skule for å skåne skulen. Dette gir departementet henne no rett i.

Vedtaket «vil vere å rekne som ikkje-fordelte innsparingar (...) eit brot med kravet om at årsbudsjettet og økonomiplanen skal settast opp i balanse» skriv departementet. Og vidare at fylkeskommunen «oppfyller soleis kriteria for innmelding i ROBEK».

Sidan økonomien elles er i orden, brukar departementet ein unntaksheimel, og lar vere å ta over kontrollen med budsjett og låneopptak.

Det er sjølvsagt fornuftig.

Det tilsynelatande forsøket på sjølv å melde seg inn i ROBEK feila altså. Dette må likevel vere ein lærepenge. Om det ikkje var eit lovbrot, så kan ein slik måte å budsjettere på i alle fall kallast litt feigt.

Med makt følgjer det ansvar. Det betyr å ta ansvar også for upopulære kutt, ikkje berre for dei populære godbitane. Politikarar og politiske parti som søkjer makt, må også kunne stå for dei upopulære konsekvensane av vedtaka sine.

Det er det som heiter å ta ansvar.

Og sjølv om det kan vere freistande å skubbe akkurat dette over på eit anonymt byråkrati for å la det stå att som syndebukk, er det altså ulovleg.