Små kommunar som ligg langt frå større sentra, slit aller mest med å følgje dei lovpålagde oppgåvene. Dårlegare tenester og svakare rettar til innbyggjarane kan bli resultatet.

Fall i folketalet i distrikta forsterkar problemet.

Klarer vi ikkje å motverke dette, raknar ambisjonen om at kommunane skal vere ein av berebjelkane for den universelle velferdsstaten.

Alle kommunar – store som små, har det samme lovpålagte ansvaret for å løyse sentrale oppgåver, mellom anna gi grunnleggande velferdsgode som skule, barnehage, helsestell, barnevern og sosialhjelp. Målet er at alle skal få like eller likeverdige tenester og rettar, uavhengig av bustad.

Dette har vore eit berande prinsipp for norske kommunar etter andre verdenskrig.

Generalistkommunen vaks fram frå ideen om at kommunane skulle vere eit instrument for den universelle velferdsstaten. Etter kvart som velferdsstaten har vakse i omfang, har talet på dei lovpålagde oppgåvene auka.

I dag klarer ingen kommuner å leve opp til alle lovpålagde krav.

«Det er ei utfordring for Kommune-Norge at dette er ein sektor der det verkar greitt å bryte lova», seier statsforvaltar Tom Cato Karlsen i Nordland til Nationen. Karlsen er leiar for Generalistkommuneutvalet som no er i innspurten i sitt arbeid.

Utvalet skal vurdere korleis dagens kommuner står seg opp mot ambisjonen om like eller likeverdige tenester til alle.

At det er eit stort strekk i laget. var utgangspunktet til at utvalet vart nedsett i 2020. Det har også utvalet sitt arbeid stadfesta så langt.

Graden av lovoppfylling for norske kommunar varierer mellom 50 og 99 prosent. Dei som scorar dårlegast har nokre klare fellestrekk. Jo mindre sentral dei er, jo fleire er lovbrota. Og alle som bryt med meir enn 40 prosent av lovene, har mindre enn 5.000 innbyggjarar.

Det er oppgåver som krev spesialiserte og tverrfaglege miljø desse kommunane har størst problem med å følgje opp.

Særleg gjeld dette kravet til planverk, tilsyn og beredskap.

Det er slett ikkje greitt at det er slik fordi det bryt med likeverdsprinsippet. Endå verre er det at utviklinga går i feil retning i takt med demografiutviklinga. Vi er i ferd med å få A-, B- og C-lag i Kommune-Norge. Eit stadig større strekk i laget, vil i sin tur forsterke tendensen til sentralisering.

Skal vi behalde systemet med generalistkommunar, må også dei minste setjast betre i stand til vareta sine oppgåver.

Alternativet er ein sterkare stat, men det er slett ikkje sikkert det gir betre tilbod for distriktskommunane.