Å lese godt, er heilt avgjerande for at elevar skal klare seg i alle fag. Derfor er det svært urovekkande at PISA-undersøkinga viser at leseferdigheitene til norske 15-åringar har falle kraftig sidan 2018. Nedgangen fell saman med at bruken av nettbrett og andre digitale hjelpemiddel har auka kraftig i denne perioden.

Før helga overleverte Skjermbruksutvalet eit notat til kunnskapsministeren og barne- og familieministeren. Utvalet, som er oppnemnd av regjeringa, skal gå gjennom aktuell forsking, og gi informasjon om korleis skjermbruk i barnehage, skule og fritid påverkar barn og unge. Fleire studiar viser at elevar les lengre tekstar vesentleg dårlegare på skjerm, samanlikna med papir, og dei hugsar mindre frå tekstane etterpå.

Anbefalinga er klar: Barn bør lese meir på papir. Det er lettare å bli forstyrra når ein les på skjerm, og dette går særleg utover barn som slit med konsentrasjonen. Å lese lengre tekstar er ikkje berre viktig for å bli god til å lese, men også for å utvikle evna til kritisk tenking.

Utvalet peikar også på at handskrift kan betre barnas finmotorikk og kognitive evner, og konkluderer med at både handskrift og tastatur kan vere nyttige verktøy i skriveopplæringa. Skriving på tastatur kan verke motiverande for enkelte elevar, men likevel er det nyttig å øve seg på å skrive for hand.

Når det gjeld bruken av mobil på skulen, er det mykje som tyder på at strenge mobilreglar kan gi god effekt. Studium frå Spania og England viser at mobilforbod på ungdomsskulen kan gi betre eksamensresultat, særleg mellom dei fagleg svake elevane. Ein norsk studie viser at mobilforbod på skulen fører til at jenter får høgare gjennomsnittskarakterar, og gjer det betre på eksamen i matematikk.

Diskusjonen om skjermbruk i skulen har vore prega av usikkerheit og synsing, derfor er det bra at det blir gjort ein grundig jobb med å få fram faktabasert kunnskap. Delrapporten frå Skjermbruksutvalet er ei stadfesting på den bekymringa mange foreldre har forsøkt å sette ord på: Barna bruker for mykje tid på skjerm i skuletida, før dei har lært seg dei mest grunnleggande ferdigheitene.

Digitale hjelpemiddel kan bidra til å gjere undervisning meir spennande og interessant. Det er positivt, og dagens elevar må lære seg digitale ferdigheiter. Men når skjermbruken blir så omfattande at det går utover konsentrasjon og leseferdigheiter, er noko riv rusande gale. Bøkene må tilbake i skulen.

Det er lettare å bli forstyrra når ein les på skjerm, og dette går særleg utover barn som slit med konsentrasjonen