På berre tre år har Møre og Romsdal fylkeskommune kutta fjerdeparten av sine klimautslepp, og er allereie halvvegs til målet om eit kutt på 55 prosent innan 2030. Elektrifisering av dei trafikktunge ferjesambanda er hovudårsaka.

Fylket er dermed godt i gang når regjeringa no vil stille krav om utsleppsfrie ferjer på alle nye anbod allereie frå neste år.

Resultata Møre og Romsdal kan vise til, syner at det nyttar å setje klare klimamål.

Utslepp frå ferjer og hurtigbåtar utgjer om lag ein femtedel av alle utslepp frå innanriks sjøfart. I klimarekneskapen til ferjefylket Møre og Romsdal har ferjedrifta vore den største «syndaren», og er det framleis.

Utsleppa frå ferjene var i fjor nær dobbelt så stor som frå bussane i fylket og nær tre gongar så stor som frå hurtigbåtane.

Men det kunne altså ha vore langt verre. Fylkespolitikarane har prioritert elektrifisering av ferjene lenge før det no vert eit statleg krav. Saman med Vestland er Møre og Romsdal det fylket som har kome lengst.

Av 21 samband i fylket vil 11 vere utsleppsfrie innan neste år. Saman med elektrifisering av bussar i byane og bynære område gjer dette at samferdsleområdet i fylket vil ha kutta 55 prosent av klimautsleppa allereie i 2025, fem år før 2030.

Dei mest trafikkerte ferjesambanda er no elektrifisert, men nye kutt i ferjedrifta vil ikkje kome før ved neste anbodsrunde i 2029.

Dei større klimakutta må altså kome på buss og hurtigbåt frå 2025 og utover. Særleg når det gjeld hurtigbåtar kan dei nye statlege krava bli krevjande.

Dagens hurtigbåtar er verstingen i kollektivtransporten med ti gongar så mykje utslepp per passasjer som rutebuss og rundt 30 prosent meir enn ferjene. Her er det altså mykje å hente, men meirkostnadane med elektrifisering vil vere langt høgre enn for ferjer.

Skal fylka påleggast nullutsleppskrav her allereie frå 2025, må staten stille med betydelege bidrag.

Særleg i fylke som Vestland og Nordland med mange hurtigbåtsamband vil dette bli ein stor kostnad, men også for Møre og Romsdal vil dette vere eit stort økonomisk løft. Difor bør regjeringa snarast klargjere kva som ligg i lovnaden om kompensasjon.

Det hastar.

Fylkestinget har vedteke at Møre og Romsdal skal bli miljøfylke nummer 1 i Norge. På ei og same tid er det både ambisiøst og litt luftig, luftig fordi ambisjonen saknar korleis ein klar definisjon på kva ein må oppnå for å gå heilt til topps på pallen.

Utsleppskutta fylket har oppnådd syner likevel at det nyttar å ha ambisjonar. Dette er resultat som fortener ein gratulasjon.

I ein tidlegare versjon av denne teksten stod det at Møre og Romsdal har kutta fjerdeparten av sine klimautslepp på tre år. For ordens skuld er dette no endra til Møre og Romsdal fylkeskommune.