Alle elevar må få rett til kvalifiserte lærarar. I dag er det ikkje slik. Altfor mange får undervisning av nokon som manglar pedagogisk utdanning.

Størst problem er det i vidaregåande skule.

Dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal har ein høgre andel ukvalifiserte lærarar enn landsgjennomsnittet, og scorar aller dårlegast på fleire område. Det bør vere ein vekkjar for utdanningspolitikarane i fylket.

Arbeidet med å auke lærarkompetansen i vidaregåande skule går framover, men med svært små skritt. Det syner Statistisk sentralbyrå (SSB) si ferske kartlegging. Sidan 2017 har det berre vore ein auke på eitt prosentpoeng i andelen kvalifiserte lærarar.

Framleis er kvar femte utan lærarutdanning. Meir enn ein av ti har inga pedagogisk utdanning i det heile.

Møre og Romsdal er det fylket i landet som har lågast andel lærarar med pedagogisk utdanning. Her manglar 15 prosent av lærarane pedagogisk utdanning. Desse kompenserer dessverre ikkje for dette med solid fagutdanning. Ein stor andel av desse manglar også tilstrekkeleg fagkompetanse.

Også her er Møre og Romsdal i botn i landet.

Ein god lærar er gull verdt for elevane. Skuleelevar som har ein lærar med både erfaring og god formell kompetanse, lærar betre og får høgare karakterar enn dei som ikkje har det. Men målet om å gi alle elevar denne sjansen, er framleis eit stykke unna å bli nådd.

Lærarorganisasjonane har lenge kjempa for at elevane skal få lovfesta rett til å få ein lærar med fullført lærarutdanning.

Dei er ikkje nøgde med korleis dette er formulert i Opplæringslova og forskriftene i dag. Trass i at lova vart vedteken så seint som før sommaren i år, fekk dei i august med seg utdanningsminister Tonje Brenna (Ap) med på laget. Ho lovar ei slik lovfesting.

Når den kjem vil det ikkje lenger vere godt nok med såkalla «anna fagleg eller pedagogisk kompetanse» for den som vil ha jobb i skulen.

Tanken bak ei slik lovfesting er god. Dette vil leggje eit ekstra press på skuleeigarar for å få rekruttert kvalifiserte lærarar. Men ei lovfesting åleine vil ikkje føre oss til målet. Det er ikkje slik at det går masse kvalifiserte lærarar som ikkje får jobb.

Sjølvsagt må den dårlege statistikken vere ein ekstra vekkjar for Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylket bør strekkje seg ekstra for å endre dette. Men korkje lovfesting eller god rekrutteringsinnsats kan utrette mirakel.

Altfor få vil bli lærarar.

Søkjartala til lærarutdanningane fortel det i klartekst. Studieplassar over heile landet står tomme. Så lenge det står slik til, vil altfor mange elevar bli undervist av ein lærar utan god nok lærarkompetanse.