Ungdommen sviktar byggfaga. Dette er ei alvorleg utvikling som vi må ta kontroll på. Vi må passe på at vi ikkje tappar den norske arbeidsstokken for viktig kompetanse for framtida i bytte med flyktig utanlandsk arbeidskraft.

Talet på ungdom som tek fagutdanning i byggfaga har gått kraftig ned dei seinare åra. Dette skjer trass i at det har vore – og framleis er, høgt aktivitetsnivå. På same tid har vi hatt ein kraftig auke i arbeidsinnvandringa, nettopp særleg til bygge- og anleggsbransjen.

I ein studie som Institutt for samfunnsforsking har gjort, blir det stadfesta at omfanget av arbeidsinnvandringa i seg sjølv er ein viktig årsak til at ungdommane i mindre grad søkjer seg til byggfag. Samanhengen er klar, seier forskarane til Klassekampen.

Frå 2007 og fram til i fjor fall søkjartala til bygg og anlegg med 40 prosent. Samstundes har det vore høg aktivitet i bransjen i den perioden og stort behov for arbeidskraft.

Det er venta at etterspurnaden vil halde seg høg også framover. NHO gjekk tidlegare i år ut med at vi dei næraste ti åra vil ha behov for 30.000 faglærde i byggebransjen.

Det er viktig at vi klarer å møte dette behovet med å rekruttere nok norsk ungdom til næringa. Om vi erstattar dette med å ta inn utanlandsk arbeidskraft fordi den er billegare, vil vi tape på det i lengda. Viktig kompetanseutvikling i næringa kan gå tapt.

Svaret er ikkje å stengje ute utanlandsk arbeidskraft. Det er ikkje mogeleg og heller ikkje ynskjeleg. Vi må i staden sjå på kva tiltak vi kan gjere for å sikre rekruttering av norsk ungdom. Her har både bransjen sjølv og styresmaktene eit stort ansvar.

Eitt viktig grep er å sørge for at unge som vil inn i næringa får lærlingplass. At det vert stilt krav om at den som skal vinne offentlege anbod skal ha lærlingar er eit tiltak. Viktigare er det at bedriftene har eit langsiktig perspektiv og sjølve ser verdien av å ta inn lærlingar.

Bransjen må også ta større ansvar for å gjere seg attraktiv for norsk ungdom. Det handlar både om å synleggjere mogelegheitene i yrket og til å gjere karriere i bransjen. Minst like viktig er at bransjen kan tilby lønns- og arbeidstilhøve som gjer den attraktiv for ungdommen, framfor å prioritere billegast mogeleg arbeidskraft.