Barn som er plassert på barnevernsinstitusjonar er ei særleg sårbar gruppe. Mange av dei har opplevd omfattande svik, og treng ro og trygge forhold for å kunne klare seg i livet. Det skapte derfor oppsikt i fjor då Aftenposten avdekka at psykisk sjuke barnevernsbarn vart flytta rundt omkring i landet som pakkepost. Dette er med på å gjere sjuke barn endå sjukare.

Etter Aftenpostens artikkelserie «Barna Norge sviktar» sette regjeringa ned eit utval som nettopp skulle undersøke forholda for barn på barnevernsinstitusjonar. Dette utvalet la fram sin rapport før helga, og konkluderte med at det er behov for ei kraftig omlegging av barnevernet. Utvalet meiner fleire små institusjonar bør leggast ned, og at ein heller bør satse på større institusjonar som kan gi eit breiare tilbod. Undersøkingar viser at hjelpa som blir gitt barna ofte er oppstykka, og det kan vere usemje mellom ulike instansar om kven som har ansvar for kva. Særleg sviktar det offentlege i overgangen mellom barnevern og helsetenester.

Utvalet ser for seg store tun med fleire hus, der dei ulike husa dekker ulike behov. Desse institusjonane bør ha plass til 10–15 barn, og plasserast nær helseteneste, skule og fritidsaktivitetar. Barnevernsbarn som treng psykiatrisk hjelp, skal ikkje lenger måtte reise bort, men i staden skal eit helseteam frå spesialisthelsetenesta reise dit barna er. På denne måten ønskjer ein å snu opp ned på dagens modell. Barn skal få psykisk helsehjelp der dei er. Barnas behov skal kartleggast med ein gong dei blir flytta ut av heimen sin. Det ansvaret skal helseføretaket ta ansvar for, og ikkje barnevernet slik det er i dag.

Rapporten frå institusjonsutvalet blir no sendt ut på høyring. Forslaga kan få konsekvensar for både helsevesen og kommunar, og vedkjem derfor mange.

Det er ingen tvil om at det er behov for å tenke nytt om måten barnevernet organiserer sine tenester på. Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp), som har bestilt rapporten, er opptatt av at systemet skal tilpassast barna, og ikkje omvendt, og det er eit godt utgangspunkt. No er det behov for handling.

Barn som har opplevd å bli svikta gong etter gong, kan utvikle seg til å bli ein fare for seg sjølv og andre. Fleire unge under barnevernets omsorg har tatt sitt eige liv, og nokon hamnar i statistikken over ungdomskriminelle. Dette er barn med håp og ønskjer for livet som alle andre, og som kan bidra positivt til samfunnet dersom dei får hjelp i tide.

Barn som har opplevd å bli svikta gong etter gong, kan utvikle seg til å bli ein fare for seg sjølv og andre