Stadig fleire tar buss i og rundt Ålesund. Trenden nasjonalt er også at fleire reiser kollektivt. Tala syner at det nyttar å satse på buss, tog og bane, men veksten fortel ikkje at det har vore satsa godt nok.

Framleis er potensialet stort. Det er langt fram til at veksten i kollektivreiser får biltrafikken til å minke. Av omsyn til miljø og trafikktryggleik er det viktig å få fleire til å la bilen stå. Vi har ambisiøse klimamål. Skal vi nå desse, må utsleppa frå transportsektoren kraftig ned.

Det må skje samstundes med at vi har vekst i folketalet og at kvar og ein av oss reiser meir. Skal vi få dette til å henge i hop, er det viktig å få til fleire og meir effektive tiltak som styrker kollektivtransporten – raskt. Ikkje alle tiltak treng å vere dyre.

Så langt i år har bussen i Ålesund, Sula og Giske hatt ein vekst på 4,4 prosent. På rutene mot Sula og Giske er det ein auke på fem og ti prosent. Det er i hovudsak talet på arbeidsreiser som ligg bak den gode utviklinga.

Nasjonalt har rutebussen opplevd ein nedgang dei siste kvartala. Rutebussen slit også i motbakke over tid samanlikna med andre kollektivtilbod, trass i ein vekst på over 20 prosent dei siste fem åra. Det er særleg i dei største byane bussen har tapt marknadsandel.

Totalt sett er derimot buss, båt og bane samla i god framdrift med ein vekst på heile 34 prosent på ti år fram til i fjor. I Oslo-området har talet på kollektivreiser auka kraftig, og nærast parkert veksten i biltrafikken.

Vi kan likevel ikkje seie oss nøgde. Vi er nøydde til å skjerpe innsatsen. Det betyr at vi må satse betydelege ressursar på å vidareutvikle tilbodet. Folk treng tids-effektive og fleksible transportløysingar for å velje kollektivtransport i større grad enn i dag.

Om dei reisande må bruke mykje tid på å kome seg til bussen, reisa tar lang tid eller frekvensen er dårleg, vil altfor mange velje bort det kollektive alternativet uansett. Dei færraste tar buss fordi dei er idealistar. God frekvens er viktigar enn lav pris, og det vil koste.

Ein kan likevel også hente mykje på tiltak som kostar langt mindre. Meir samordning av ruter, høgre servicenivå, betre ruteopplysning og kommunal arealplanlegging som prioriterer omsynet til kollektivtilbodet vil åleine kunne føre til at mange parkerer privatbilen.