Alderisme er blitt omtalt som den siste allment aksepterte fordommen i samfunnet. I dag er det sosialt akseptert å bruke ord om eldre som ein aldri kunne brukt om andre. Til dømes «utgått på dato», og andre uttrykk som indikerer at eldre som gruppe er mindre verdt som menneske, mindre interessante og ute av stand til å tilpasse seg ei ny tid.

Alderisme, rasisme og sexisme handlar om fordommar og nedvurdering av menneske, på grunnlag av alder, etnisitet eller kjønn. Grupper av menneske blir gitt visse karakteristikkar, og «putta i bås». Dei individuelle forskjellane blir borte. Ein stereotypi er eit inngrodd, vanemessig, forenkla og unyansert syn på korleis nokon er. Kort sagt ein fordom.

Forfattar og psykolog Sissel Gran har sett ord på dette. Ho seier at noko av det verste med å nå ein viss alder, er at ein blir betrakta som ein einsarta, grå hop. Ein blir på ein måte usynleg, og blir ikkje rekna med lenger. Ho har skrive boka «Inni er vi alle unge», og meiner vi må hindre at det utviklar seg aldersapartheid, ein usynleg mur mellom unge og eldre.

Nedvurdering av eldre er ikkje berre ubehageleg for dei som blir direkte råka, men er også skadeleg for samfunnet. Høg sysselsetting er ein føresetnad for at vi skal klare å halde oppe dagens velferdsnivå, og i dag har vi stor mangel på arbeidskraft. Sidan vi lever lenger, og det blir færre yrkesaktive for kvar pensjonist, er det behov for å få fleire til å stå lenger i arbeid. Derfor er det eit tankekors at mange opplever alder som det største problemet når dei søker ny jobb etter å ha passert 50 år. Samtidig som politikarar snakkar varmt om at folk må jobbe lenger, opplever godt vaksne at det ikkje er plass for dei i arbeidslivet.

I ei undersøking frå Senter for seniorpolitikk og OsloMet oppgir kvar femte yrkesaktiv over 50 år at dei har opplevd å bli diskriminerte på grunn av alder. Samtidig viser rapport frå OECD at bedrifter som er gode på mangfald når det gjeld alder, ser ut til å vere dei mest lønsame. Eldre arbeidstakarar er ofte meir lojale, og bidrar med verdifull erfaring til dei som er yngre.

Det er viktig å bygge bru mellom generasjonar, fordi vi er avhengige av kvarandre. Alle menneske er like verdifulle. Nedvurdering av folks menneskeverd på grunn av alder, er like uakseptabelt som andre former for diskriminering.

Nedvurdering av eldre er ikkje berre ubehageleg for dei som blir direkte råka, men er også skadeleg for samfunnet