Stortinget sin instruks av Helse Midt-Norge om å halde føden i Kristiansund open, har enda med mageplask. Det er andre enn sjukehusleiinga som bør sjå seg sjølv i spegelen.

Blant dei er det stortingsfleirtalet som stod bak pålegget.

Dagens regjeringsparti utgjorde tyngda av dette fleirtalet. I dag bør dei ha eit godt svar som forklarer folk på Nordmøre kvar lukta av svidd valflesk kjem frå.

Striden rundt fødeavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund er ein betent avleggar av sjukehusstriden i Romsdal og på Nordmøre. I to omgangar har Stortinget engasjert seg uvanleg skarpt.

Første vedtak vart gjort våren 2020.

Alt vinteren etter gav Helse Møre og Romsdal opp. Fødeavdelinga i nordmørsbyen vart stengt 8. februar 2021, og fødetilbodet vart igjen samla i Molde til store protestar frå folk på Nordmøre.

Då brukte Stortinget utestemme. Frå det som kunne tolkast som ei oppmoding gav no Stortinget ein instruks. Arbeidarpartiet, SV, Frp og Rødt stilte seg bak eit framlegg frå Senterpartiet som gav regjeringa marsjordre:

«Stortinget ber regjeringen instruere Helse Midt-Norge RHF om å sikre fortsatt drift av fødeavdelingen i Kristiansund».

I tillegg vart regjeringa beden om snarast å gi Helse Møre og Romsdal dei naudsynte faglege og økonomiske ressursane til å sikre forsvarleg drift.

I tre fattige veker klarte helseføretaket å halde føden open. Først i vår var fagfolka på plass som gjorde at leiinga i helseføretaket meinte at tilbodet var fagleg forsvarleg.

Bak dette låg ein lang og intens rekrutteringsjobb.

Ei sjukmelding var det som skulle til for at dette rakna. Så sårbart var tilbodet. No kastar altså den øvste sjukehusleiinga og sjefen for føden korta. Dei ser ingen fagleg forsvarleg måte å innfri Stortinget sin instruks på.

At folk på Nordmøre, både fødande og folk elles, vil ha fødeavdelinga open er lett å forstå. Det deler dei med alle som soknar til eit sjukehus, stort eller lite. Viktigare enn avstand er likevel at tilbodet skal vere trygt.

Då må fagfolka vere på plass.

I dag er det tungt å rekruttere mellom anna gynekologar til mindre sjukehus. Ved kvart tredje fødeavdeling i Norge er det problem med å oppretthalde forsvarleg drift og vaktberedskap, ifølgje ei undersøking gjort i fjor.

Yngre gynekologar søkjer seg til større sjukehus. Dei vil – på same vis som fastlegar, kombinere yrket med både fritid og familieliv og ikkje ha det som livsstil.

Då Stortinget gav sin instruks var det berre tilfeldigheiter som gjorde at ikkje også dagens helseminister, Ingvild Kjerkol (Ap) voterte for. Den dagen møtte hennar vara, Gaute B. Skjervø.

I dag er Kjerkol ansvarleg statsråd.

Ho må gjerne gå gjennom det arbeidet som helseføretaket har gjort i denne saka, og sjå om alt som kan gjerast er gjort. Men heller ikkje ho kan trasse faglege råd og halde open der fødande og barn ikkje har eit trygt tilbod.

Pasienttryggleiken må trumfe alt. Også vedtak i Stortinget basert på tru, håp og draumen om auka oppslutning.