Visjonen er å skape ein konsertarena der unge talent får høve til å utfalde seg saman med musikarar på toppnivå. Dette har gjort Fjord Cadenza til ein spesiell festival, og skapt magiske musikkopplevingar for mange. Det er 30 år sidan første Fjord Cadenza vart arrangert, og torsdag i neste veke blir årets festival opna.

Fjord Cadenza har vakse seg til å bli den største klassiske musikkfestivalen mellom Bergen og Trondheim. I fjor vart det arrangert heile 28 konsertar over seks dagar på 18 forskjellige scener rundt om på heile Sunnmøre. I år er dei fleste arrangementa lagt til Skodje og Ålesund, i tillegg til Ulsteinvik og Norddal.

Eit av høgdepunkta blir konsertane med den ukrainske pianisten Anna Fedorova, som går for å vere ein av verdas fremste pianistar. Ho skal spele Griegs a-mollkonsert både på kulturhuset i Ulsteinvik og på Gomerhuset på Skodje, og i orkesteret sit musikarar frå heile verda. I tillegg blir det eigen solidaritetskonsert, der alle ukrainske innbyggarar i Ålesund og kommunane rundt er spesielt inviterte. Det er eit svært positivt tiltak.

Musikk kan bygge bruer mellom menneske med ulike interesser, på tvers av alder og nasjonalitet. Brubygging er tema for årets festspel, og derfor blir det også bruvandring over Skodjebruene med lysshow og videokunst. Festivalen tek også mål av seg til å bygge bru mellom unge talent og musikalske stjerner. I år er det unge korpsmusikantar som får nyte godt av festivalens talentutviklingsprosjekt. Fjord Cadenza og Norges Musikkorps Forbund har invitert skulekorps til å delta på samling neste helg med gehørspel saman med Brass Brothers, og deretter blir det konsert saman med profesjonelle musikarar.

Som Sunnmørsposten har skrive tidlegare, mista Fjord Cadensa inntekter då regjeringa valde å fjerne gaveforsterkingsordninga. Lovnaden var at den statlege støtta skulle kome i ei anna form, men det har ikkje skjedd enno. Fjord Cadenza har ambisjonar om å vidareføre det høge kunstnariske nivået som har prega festivalen heilt frå starten, og då er det behov for sikker finansiering. Frivillige har også i år lagt ned ein stor innsats for at publikum skal få nye musikalske opplevingar. Den beste måten folk kan støtte festivalen på, er derfor å møte fram og bidra til at den blir ein stor folkefest.

Sunnmøre har fått mange festivalar siste åra. No i august har det mellom anna blitt arrangert Trebåtfestival, Jugendfest og i dag, laurdag, blir årets Matfestival avslutta. Festivalane er med på å styrke det kulturelle tilbodet på ulike måtar, og bidreg til å gjere regionen vår meir attraktiv.

I år er det unge korpsmusikantar som får nyte godt av festivalens talentutviklingsprosjekt