Nok ein gong har rutetilbodet på ferjestrekningar her i fylket vore trua av økonomiske kutt. Etter politisk samarbeid på Fylkestinget ser det ut til at dei verste kutta blir unngått, men for Hjørundfjorden sin del sit ein likevel att med eit tilbod som er dårlegare enn det som var der før.

I eit innlegg i Hjørundfjordportalen (hjorundfjord.no) 28. mai skildrar Tor Eirik Trandal korleis hjørundfjordingane dei siste tiåra har kjempa om ferjetilbodet. Det gjeld vegen til butikkar, arbeid, fritidstilbod og vennar. Det gjeld kampen om å få behalde ferja, ferjetidene og anløpsstadane, og kampen om å kunne vere ein del av samfunnet og ha ein normal jobb. Rutetilbodet er komplekst og uføreseieleg, og talet på avgangar er rett og slett ikkje godt nok.

Tidlegare denne månaden har forskarar og ingeniørar frå Kongsberg Maritime i samarbeid med eit lokalt reiarlag gjennomført demonstrasjon av ein autonom seilas på nesten 300 kilometer i vårt fylke. Eit frakteskip har segla sjølvgåande frå Averøy til Frohavet og tilbake igjen medan enkelte operasjonar blei fjernstyrt frå eit kontrollsenter på land i Ålesund.

Kongsberg Maritime uttalar at dette sannsynlegvis er den mest komplekse autonome seilasen som hittil er utført i verda.

Så kva har desse to sakene med kvarandre å gjere? Det er det som er det merkelege: foreløpig ingenting! Dette ønsker vi i Venstre å gjere noko med.

Vi bur i eit fylke med eit næringsliv som gjennom mange tiår har vore og framleis er verdsleiande innanfor maritim teknologi. Samtidig blir rutetilbodet på Hjørundfjorden og andre små samband i fylket kutta og avgrensa på grunn av driftskostnader knytt til eldgamle ferjer med vedlikehaldsbehov og mannskap med behov for kviletid.

Det er nettopp her det må vere eit kjempepotensial for å sjå framover. Eit heilt naturleg neste trinn vil vere å ta i bruk avansert teknologi som allereie finst og som er utvikla i vårt eige fylke samtidig som ein kan løyse ei utfordring som har vore der i fleire mannsaldrar.

Målet må vere at vi om nokre år kan oppleve sjølvgåande eller fjernstyrte ferjer på Hjørundfjorden som både er utsleppsfrie, kostnadseffektive og ikkje har behov for kviletid. Då vil ein kunne ha eit framtidsretta tilbod som faktisk er tilpassa behovet både for fastbuande og tilreisande, og ikkje minst kan dette vere med å sikre levande bygder både i Hjørundfjorden og andre stader i fylket.