Pisaresultata for 2022 vart nyleg offentleggjort og resultata er ganske avslørande for den dalanda utviklinga som har gått føre seg i norsk skole over lang, lang tid.

Testen gjennomførast i alle OECD-landa og viser kor gode 15-åringar er i lesing, matematikk og naturfag. 81 land er med i undersøkinga.

Resultatet viser nedgang i både lesing, matematikk og naturfag blant norske elevar. Gjennomsnittsresultatet i matematikk er det lågaste som er målt i Norge sidan Pisa vart tatt i bruk. Til og med resultata i lesing og naturfag er blant dei svakaste som er målt.

Målingane viser også at forskjellane har blitt større mellom dei sterkaste og dei svakaste elevane i lesing og naturfag.

Så kan ein sjølvsagt undre seg på kva som er årsaka?

Kunnskapsministeren peikar på skjermbruk i skulen som ein del av problemet. Andre peikar på pandemien som årsak, men han er nok ikkje svar på dei grunnleggande utfordringane.

Det vi må vere klar over er at svekkinga av kunnskapsskolen har gått føre seg over lang tid.

Eg har vore lærar gjennom eit heilt yrkesliv, rektor, skolepolitikar, far og no bestefar. Uro for eit stadig svakare nivå i norsk skole har vore der lenge, men Aps dominans i norsk politikk var så stor at andre synspunkt hadde ingen sjanse.

Du opplever i dag elevar som sit med mobilen og spelar og leikar seg. Det fortel mykje om ein skole som ikkje lenger er under styring og kontroll, men der elevane har rett og høve til nærast kva som helst.

Nokre politiske miljø vil fjerne heile undersøkinga. Det blir feil. Vi treng tilbakemeldingar på korleis skolen fungerer og kva veg utviklinga går.

Mange foreldre er misnøgde over at store ressursar nyttast til dei dårlegaste og mest urolege elevane, utan at dette ser ut til å hjelpe. Flinke elevar blir overlatne til seg sjølve, og utviklinga av elevar som kunne gjort ein forskjell og skapt ei betre framtid stagnerer. Resultatet er samling i botn.

I tillegg kjem stadig nye elevar inn i skolane utan å kunne norsk, og mange av dei kan heller ikkje skrive på sitt eige morsmål.

Mange politikarar er mest opptatt av at elevane skal trivast enn at dei skal lære fag, noko som trass alt er skolen si hovudoppgåve. Det kan sjå ut til at målet er å få alle like dårlege og at ingen føler seg krenka. At det å lære seg å takle motgang og utfordringar blir for krevjande for denne generasjonen, er nok tankegangen.

Skolens forfall er eit spegelbilde av samfunnets forfall. Det kan sjå ut til at den einaste kunnskapen som aukar er kunnskapen om at det finst stadig fleire kjønn.

Skolen som læringsarena må gjenopprettast. Kunnskapsformidlinga må bli sett i fokus. Læraren må bli verdsett og gitt tillit som kunnskapsformidlar. Han skal dessutan vere einaste sjef i klasserommet. Vi må sette fokus på disiplin og tydleg klasseleiing.

Vi ønsker å gjennomføre skriftlege prøver med karakterar i sentrale fag som matematikk, norsk og engelsk frå 5. klasse. Vi vil gjere undervisning i kristendom obligatorisk for lærarstudentar. Vi vil frigjere lærarane frå flest moglege administrative oppgåver.