Laurdag 9. Mars hadde NRK eit innslag på Dagsrevyen om nordmenn som hadde flytta til Sveits av økonomiske grunnar. Der fekk vi høyre kor mykje betre det var å leve i Sveits med mellom anna eit betre helsestell og betre skular. Eg saknar i denne reportasjen kritiske spørsmål frå NRK.

Forstår ikkje desse utflytta millionærane og milliardærane at dei indirekte er med på å svekke den norske velferda til helse og skule? Med mindre skattlegging i Sveits styrker dei likevel med sine millionar landets velferd.

Alle veit at dei sikrar sin profitt mellom andre snyltarar, som korrupte statsmenn, lysskye oligarkar og andre rikfolk (les: kjeltringar). Dei må gjerne kritisere rettferda i det norske sosialdemokratiet der dei har tent sine pengar. Men det er direkte umoralsk å ikkje bidrage til å støtte sitt heimland som har gjort dei rike.