Eg tillèt meg å bruke det engelske uttrykket «It isn’t over until the fat lady sings», som ein på norsk kan forklare som eit uttrykk for at det framleis er mogleg for at ein fastlåst eller uønskt situasjon kan endre seg. Uttrykket kan ein høyre bli brukt blant anna innan opera, før det siste showet.

I denne samanhengen bruker eg sjølvsagt omgrepet om det vanvettige økonomiske uføret som dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal har hamna i, uforvarande.

Utdanningsforbundet har gjennom fleire månadar og år skrike ut om dei altfor små og tronge økonomiske rammene ein har drifta dei vidaregåande skulane i fylket under. Dei siste dagane og vekene ser vi at også leiarane ved skulane tek bladet frå munnen, og gir klar melding om at smertepunktet er nådd. Det er med god grunn at også dei gir beskjed.

Der er ikkje meir å kutte. No rasar skjelettet saman.

Det som råkar dei vidaregåande skulane i heile fylket er tragisk. Både elevar og tilsette som står midt i det, ser eit heilt skuleslag verte rasert. Vi har brukt mange år på å bygge opp solide og kraftfulle vidaregåande skular, der vi er på topp mellom dei fylka som har høgast gjennomføringstal blant elevane.

Det er ikkje sjølvsagt at vi, ein provins, har makta å samle så mykje god kompetanse innan fagleg breidde og djupne og briljant pedagogikk, at vi tronar mellom dei beste i landet. Det har tatt årevis med målretta arbeid for å kome dit vi er i dag.

No skal det rivast ned.

Budsjett skal kuttast, tal skal i balanse og rammer skal krympast. Elevar skal møte på skulen når klokka ringer, men det er sanneleg ikkje sikkert der ventar ein lærar mellom pultane. Om læraren er sjuk, vert det ikkje sett inn vikar. Det er der ikkje pengar til.

Fylkespolitikarane har bestemt at det vi har igjen av stål i dette utarma fylket skal brukast på billegare og gratis ferjer, og sjølvsagt veg og asfalt. Lukke til med å ikkje satse på ungdommen vår!

Vi veit at med våren og lyset, så nærmar deg seg også vårens vakraste eventyr: eksamen. Der er tusenvis av elevar i den vidaregåande skulen som skal opp til eksamen også denne våren, men sjansen for ei god eksamensførebuing saman med kyndige lærarar, som faktisk er til stades, er jammen ikkje stor.

Vi nærmar oss mars, og eg trudde mørketida var over. Men mørkeret som senkar seg over heimfylket ser ut til å legge seg, for godt. Om ikkje politikarane snur i tolvte time.

Det hjelper lite å vere eit fantastisk samferdselsfylke dersom dei yngre generasjonane ikkje vil busetje seg her, eller halde fram med å bu her. Eg trur ikkje det vil bli ein «høydare» å seie til poden: Vi bygde fine vegar, og vi har jo asfalt. Men det er også det heile.

Fylkespolitikarane skal snart samlast til ting, og det er ikkje for seint å snu, det er ikkje for seint å høyre på dei betre argumenta for at ein må gi skulane dei midla og rammene dei treng for å drifte forsvarleg og innanfor lovverket. Siste ord er ikkje sagt, gode politikarar og fylkesting.

Vis at dokker satsar på ungdommen og at det betyr noko for dokker at ungdommane våre skal ha eit minst like godt utdanningstilbod som ungdommar i resten av landet har. Fjellvettreglane, med litt omskriving, fungerer også i denne samanhengen: planlegg drifta, tilpass etter evne og tilhøve. Ta trygge vegval. Vend i tide, det er ingen skam å snu.

It ain’t over till the fat lady sings.