Dette var då ein noko kraftig start på eit innlegg, vil vel fleire tenkje. Kortversjon: Regjeringa har starta ein storstilt ryddejobb når 900 aktørar med fast plass på Statsbudsjettet samla beløp på om lag 12 milliardar skal fingranskast. Mellom dei 900 finn vi ei rekkje ideelle organisasjonar som driv eit svært godt arbeid på sitt område. Nokre nemn tek eg med: Menneskeverd, Evangeliesenteret, Frelsesarméen si rusomsorg, antidoping Norge, stiftelsen P22, Kirkens SOS – lista inneheld 891 ulike namn!

Dette er mykje av grunnfjellet i det frivillige arbeidet i bygd og by. Desse har arbeidd trufast frå år til år og utgjort eit viktig supplement til det offentlege sine ordningar. Til no har tala for komande år vorte kjende i samband med budsjettet for komande år. Den einskilde organisasjon har difor visst kva Staten vil bidra med av midlar i året som ligg framføre. Dei aller fleste av desse mottakarane av statsstøtte, er langt på veg avhengige av denne støtta for å kunne halde fram arbeidet sitt.

Nytt opplegg vil slik eg oppfattar det, innebere at Staten set av ein samla sum til desse mange tiltaka. I neste omgang skal det så søkjast om midlar frå denne potten. Søknadsprosessen vil ta si tid – meir byråkrati – meir venting – – meir frustrasjon og fleire som gir opp. Sjølv har eg ein mistanke om at her er Staten ute etter å ta på seg dei ideologiske brillene og på den måten få søkjarlista kortare ved neste korsveg. Ein søknad kan gje null i støtte, med ei kronglete forklaring på kvifor. Andre må vente unødig lenge for å få klart for seg kor mykje Staten vil bidra med.

Ei slik ny ordning vil skape usikkerheit og lite føreseieleg. Planlegging vil verte vanskeleggjort, Kanskje vil eit godt formål verte borte, vilkåra vert for innfløkte.

Eg har tidlegare kommentert sider ved Statsbudsjettet der eg konkluderer med at samla utgiftsside er høg nok. Her er det snakk om korleis ordninga skal fungere ved fordeling av dei ca. 12 milliardane. Talet kunne med fordel ha vore høgare, men det ligg i tilfelle inn i framtida. Det beste er kanskje ikkje å gjere endringar i ordninga vi har hatt i fleire år. Eg reknar med at alle kortfatta må gjere greie for korleis pengane er brukte.