Eg les Sunnmørsposten si reportasje om «cruisekaos» i Geiranger. Og eg kan vel ikkje vere ueinig i at det kan opplevast som kaotisk, men eg synast det er synd at journalisten i Sunnmørsposten utelukka vil vinkle det over på at cruise er den store stygge ulven.

Det ser vi i liknande artiklar frå Ålesund også. Burde det heller stått turistkaos? Og ikkje cruisekaos?

Her har journalisten lagt stor vekt på at ho har funne tre personar som ikkje vil ha cruise, og, som ho skriv, tør å stå fram i ei delt bygd. Her er Sunnmørsposten med på å svartmale det vesle samfunnet vårt enda meir.

Den dagen Sunnmørsposten publiserte artikkelen, søndag 2. juli, var det ingen cruiseskip på fjorden. Likevel brukte eg 30 minutt på å finne ein parkeringsplass i sentrum for å handle 2 liter mjølk og ein ost.

Vi er alle einige om at det bør gjerast noko. Vi har planar om utbygging av parkeringshall, tilrettelegging av sentrumsområdet og trafikkregulering. Overfor omverda kan det sjå ut som om det ikkje skjer det steike støv. Men det blir faktisk jobba med, sjølv om det ikkje står i avisa. Media kan kanskje bli flinkare på å dekke politiske møte.

Sjølv om mange av politikarane i Stranda og fylke, ikkje har forståing for kva som skjer i Geiranger ein sommardag med meir enn 10.000 personar innom, kvar einaste dag. Det er dobbelt av det som bur i heile kommunen. At mange av politikarane ikkje har forståing visast blant anna med misnøya med at Geiranger skulle få ein lovleg brannstasjon. I juli i fjor var heile kommunestyret invitert på synfaring saman med politi og vegvesen. 3 av 25 møtte opp! 3 …

Bygda er delt om cruise. Men det bygda ikkje er delt om er viktigheita med lys i vindauga heile året. For å kunne bu i Geiranger må det vere nok inntening dei månadene det står på. Alle familiar i Geiranger er direkte eller indirekte avhengig av dei toppane cruisepassasjerane legg att. Og det er bra butikk. Men det skal fordelast på 12 månader.

Journalisten skriv «For når turistane har dratt hjem for vinteren, så står lokalbefolkningen igjen som små spørsmålstegn langs fjæra». Det blir i alle fall eit faktum om cruise forsvinn heilt. Slik som det i realiteten skjer i 2026.

Dei fleste turistdestinasjonar i verda, kan virke kaotiske midt i høgsesongen. Og det gjer sjølvsagt vår knøttvesle bygd også.