Rett nok er då biffen frå europeisk storfekjøt, som har eit høgare klimaavtrykk enn om den kjem frå norsk storfe.

No er ikkje poenget å sette dei forskjellige matkjeldene opp mot kvarandre, men dømet over er ein illustrasjon på at det er smart å ha meir villfanga fisk på menyen, viss ein vil redusere klimagassutsleppa.

Utsleppa av klimagassar må ned, og det raskt. Det er dei fleste forskarar, politikarar og opinionen samde om. Fiskeflåten tar klimakrisa på største alvor, og har god grunn til å frykte varmare og surare hav, med påfølgande fare for endringar i vandringsmønstera til sentrale fiskeartar. I tillegg til å levere klimavenleg mat, er havet som matkjelde stadig viktigare for å kunne brødfø eit aukande folketal i verda.

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024 er klima langt framme. Avgifter er eit mykje nytta verkemiddel for å justere ein politikk inn på den kursen ein ønsker. Slik er det også med klimagassutslepp, der prinsippet om at forureinar skal betale gjeld i stor grad. Dette prinsippet fungerer bra i tilfelle der ein kan velje meir klimavenlege løysingar. For fiskeflåten er bildet meir samansett, og ein nasjonal auke i CO₂-avgifta kan ha mange uheldige innverknader, viss den ikkje blir kompensert gjennom andre kostnadsreduksjonar.

Det er lagt opp til å gi den norske fiskeflåten ein netto ekstrakostnad på 450 millionar kroner i 2024, utifrå regjeringa sitt budsjettforslag som no ligg i Stortinget. Det er vidare lagt opp til ei differensiering av maritim sektor i klimapolitikken, der store delar av skipsfarten, men ikkje fiskefartøy, etter kvart skal inn under EU sitt kvotesystem.

Denne delen av flåten vil dermed få likeverdige konkurransevilkår med resten av EØS-området i forhold til prising av utslepp. Fiskeflåten tilhøyrer det som blir omtala som «ikkje-kvotepliktig sektor», og får dermed langt dårlegare vilkår enn fiskeflåten i EØS-området, som stort sett ikkje betalar klimaavgifter. Innføringa av eit omsettingskrav for biodrivstoff frå 1. oktober i år forsterkar skilnadene.

Dette fører til ei konkurransevriding som verken er bra for økonomien eller klimaet. Fiskebåt si oppmoding i budsjettinnspurten i Stortinget, er difor å legge til rette for at vi også framover kan ha ordningar som stimulerer til eit energieffektivt fiske, og like vilkår som våre utanlandske konkurrentar. Regjeringa sin varsla klimapolitikk vil føre til kraftig nedbygging av norsk fiskerinæring. Det er ei dårleg løysing i ei tid, då verda treng meir klimavenleg mat frå havet.