Ja, dette viser berre kor lite mange veit om det som kjem frå havet. Fossum har kanskje ikkje smakt verken torsketunger eller kjaker sidan han kan seie noko sånt. Kløyvde store torskehovud var ofte ein god nattmat på lineturane etter torsk i alle fall i tidlegare år.

Ja, tenk berre på at 10 prosent av torsken går på havet igjen. Dette synest eg, og mange med meg, er galskap. Johan Grytten hadde eit godt og viktig innlegg. Kanske nokon etter kvart kan ta dette vidare, slik at vi kan ta vare på hauda og få ein anstendig pris for dei. Det er ikkje mange åra sidan blåkveitehauda gjekk over bord og i dag er dette ein viktig ressurs som er er godt betalt.