I svaret sitt til meg den 29. juli om kritikken mot Pride, grip Jan Ove Vatne berre tak i ei sidesak i innlegget mitt, nemleg kven som starta det såkalla Stonewall-opprøret i New York i 1969.

Kjelda mi var Fred Sargeant, som mellom anna i eit intervju med Graham Linehan har fortalt om dette. Sargeant framhevar ei lesbisk kvinne, Stormé DeLarverie, som utslagsgjevande.

Kven som helst kan sjå dette intervjuet på youtube. Eg har ingen ynskje om å stå fram som ekspert, men eg veit at kampen om historia òg alltid er ein del av kampen om samtida.

Difor nemnde eg det.

Dette var likevel langt frå hovudsaka i mitt innlegg (26. juli), som var å legge fram grunnane mine til å vere kritisk til Pride på bakgrunn av kva Fri no står for og mi uro over kva politikken deira fører til.

Vatne har heilt sikkert rett i at svært mange som går i prideparadar ikkje stør Fri i alt. Det hindrar likevel ikkje at ein må tole at folk har innvendingar utan straks å nytte hersketeknikken med å skulde folk for å vere hatefulle.

For meg ville det vore meir interessant om Vatne – og Fri – gjekk inn på innvendingane mine. Som at lesbiske no, med den nye ideen om flytande kjønn, vert tvinga til å sjå på menn som sexpartnarar og sameleis at homofile menn må sjå på kvinner som definerer seg som menn, som partnarar.

Og korleis unge proto-homofile vert utsette for det eg vil kalle tvangskonvertering gjennom helseøydeleggande kroppsleg inngripen. Kva meiner dei om desse spørsmåla?