Breiband over heile landet er mogleg innan 2025. Det er det mest konkrete tiltaket for å løfte verdiskapinga over heile landet. Rask breibandutbygging i Møre og Romsdal vil løne seg, og gje fleire arbeidsplassar.

Digitalisering og ny teknologi har dei siste tiåra endra samfunnet i eit enormt tempo, og har bidrege til heile 80 prosent av den årlege gjennomsnittlege produktivitetsveksten i norsk økonomi sidan 2003.

Full breibanddekning er ikkje berre avgjerande for å få liv og bedrifter til å gå rundt. Full dekning og digitalisering er òg viktig for å lukkast med klimakutt og omstilling til eit grønare næringsliv over heile landet. Digitalisering kan mellom anna bidra til å redusere trongen for persontransport, effektivisere varetransporten og redusere forbruket av varer og tenester med høge klimaavtrykk. Det kan også gjere det mogleg for fleire eldre å bu lenger i eigen heim, når tenestebehovet aukar.

Alt tilseier at digitaliseringa sine bidrag til økonomisk vekst og samfunnsnytte vil auke også i åra framover, både i offentleg og privat sektor. Det vil skje gjennom utvikling av heilt nye digitale løysingar og produkt, effektivisering av oppgåver som allereie er digitale, bruk av kjend teknologi på nye område og bruk av digital teknologi på bruksområde vi enno ikkje kjenner i dag.

I Vanylven har vi fått fleire spanande etableringar av bedrifter dei siste åra. Andre seier dei har teke kontoret sitt «heim til Vanylven», grunna kommunen si satsing på breiband til alle husstandar. Med gode statlege støtteordningar, og sjølvsagt med sterkt kommunalt bidrag har vi fått dette til saman med utbyggar.

Breibandutbygginga gir stor verdi for lokalsamfunnet, og sjølv om vi er glade for å ha eit slikt fortrinn i vår kommune, så ser vi verdien av at nabokommunar får like god breibandutbygging, slik at vi saman bygger ein enda sterkare region. Om vi les rapporten frå NHO, KS, Nelfo og Abilia «Samfunnsnytten av gigabitsamfunnet, 03-2022», så ser vi at Møre og Romsdal ligg godt an med verksemder som har breibandutbygging i dag, men dårlegast an på tal husstandar med dekning med minst 1000 Mbit/s nedstraums kapasitet. Kan dette få konsekvensar for kor godt vi kjem ut i framtidige etableringar? Ifølgje nemnde rapport vil ei framskunding av full breibanddekning frå 2035 til 2025 gje ein meirvekst i verdiskaping i fastlandsøkonomien på heile 75 milliardar kroner.

I fjor hadde nesten ni av ti husstandar tilbod om breiband. Dekninga har auka frå 50 til 75 % på berre to år. Staten har bidrege med om lag 1,4 milliardar kroner til utbygging dei siste fire åra. Likevel har breibandutbygginga i Noreg hovudsakleg vore finansiert av marknaden. No er vi ved det punktet i sluttfasen av utbygginga kor det er naudsynt med større bidrag frå det offentlege.

Derfor har Venstre lagt fram eit forslag i Stortinget om at regjeringa må komme tilbake med ein plan for korleis Noreg kan få full breibanddekning innan 2025, og ta ut størst mogleg samfunns- og klimagevinstar av dette. Dette er heilt naudsynt for sette fart på den digitale verdiskapinga over heile landet, og eit viktig bidrag i det grøne skiftet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!