Hadde vegen ikkje vorte bygd, ville ferja vore gratis no. I staden får folk ei rekordrekning medan staten sparer på å sleppe å gjere ferja gratis.
Regjeringa ynsker å nytte 647 millionar kroner i 2023 på å senke bompengane på ei rekke riksvegsamband med nokre få kroner. Raudt vil i sitt budsjettforslag nytte inntil 10 % av dette på særleg kostbare lokale bompengeprosjekt.
Kutter bomprisen på Nordøyvegen for diesel- og bensinbiler
Av desse vil me bruke 20 millionar på å om lag halvere kostnadane på Nordøyvegen; prisane vil hamne nærare nivået som var førespegla, utan at det kostar staten ei krone meir.
Raudt ynsker levande lokalsamfunn i heile landet. Dagens kostnadsfordeling på Nordøyvegen legg ikkje til rette for dette: Eit overprisa vegsamband struper øysamfunna og er eit hinder for å knyte saman folket i Haram kommune.