Etter at pensjonsreforma blei innført frå 2011 er pensjonssystemet blitt grunnleggjande endra frå å vere ei kollektiv og solidarisk ordning, til å bli i hovudsak individuelt innretta.

Dei som blir hardast ramma av det nye pensjonssystemet er dei som startar tidleg i arbeidslivet, dei som har fysisk eller psykisk belastande arbeid eller har lav løn. Felles for desse er at dei ofte må gje seg i arbeidslivet før pensjonsalder og mange avsluttar arbeidslivet som uføre. Dei som har sine arbeidsføre år tidlegare i livet blir hardare ramma enn dei som går ut i arbeidslivet seinare.

Levealdersjusteringa er den styrande mekanismen i pensjonsreforma, og dette betyr at kravet til å stå lenge i jobb aukar for kvart årskull. Dess yngre du er, dess vanskelegare vil det bli få ein pensjon til å leve av. Arbeidsgjevarane møter ingen krav i pensjonsreforma, det er ingen krav om tilrettelegging for å sikre at folk ikkje arbeider helsa av seg, det er ingen økonomisk straff for å produsere helseplager og uføre blant eigne tilsette.

Regjeringa meiner at dette ikkje er nok. No vil regjeringa gjere pensjonsalderen avhengig av fødselsår. Kvar årgang av pensjonistar skal måtte vente ein til to månader lengre enn førre årskull. Dette skal vere både for aldersgrensa på 67 år og aldersgrensa på 62 år

Ein stor del av våre medlemar greier i dag så vidt å vere i arbeid til fylte 62 år. Dei vil no bli pressa over på den lange og tunge vegen til ein uførepensjon. AFP skulle gje ein verdig slutt på arbeidslivet, no vender vi tilbake slik det var før AFP blei innført. Det er uforståeleg at leiinga i LO godtar ei auke i pensjonsalderen!

Reforma vert no snakka fram som ein reform for uføre og minstepensjonistar og regjeringa seier at deira forslag har ein styrka sosial profil. Problemet er at forbetringane er veldig små i forhold til de usosiale framlegga dei legg fram.

Sanninga er at når garantipensjonen erstattar minstepensjonen frå 2030, kjem eit historisk kutt i minstepensjonen. I tillegg vil garantipensjonen bli lågare for kvart årskull, det er det mange som burde tenke over og ta diskusjonen

Sanninga er at uføre etter 2031 berre blir delvis skjerma av levealdersjustering, men dei vil fortsett få ein god del mindre enn yrkesføre.

Dei som opplever at arbeidslivet tek frå dei helsa, dei vil framleis oppleve eit pensjonssystem som tilbyr dei ein alderdom i fattigdom.

Dette må vi ikkje godta for alle arbeidstakarar i heile vårt norske arbeidsliv!