Det gir meg høve til å utdjupe vår ståstad i denne. Eg opna innlegget med kommentaren om «ureinska takrenner» som var et sitat frå ein av talarane i saka rett før skulesaka kom opp. Der ei stifting som er leiger eit kommunalt bygg i Giske kommune søkte om utsetjing av avdrag på 300.000 kroner på det kommunale lånet. Det vart stemt ned av eit fleirtal med mellom anna grunngjevinga at kommunen ikkje hadde pengar og «ikkje eingong har råd til å reinske takrennene på kommunale bygg».

Og det illustrerer ganske godt den økonomiske situasjonen Giske kommune har stått i heilt sidan den nye barneskulen på Valderøya sto ferdig. Same representanten stemte ikkje imot ny barneskule på Vigra, som vil koste kommunen 12–15 millionar i året dei neste 30 åra.

Det eg faktisk sa i innlegget var at nye barneskule på Vigra skal byggjast. Og den skal vere både stor nok, tett nok og ha alle naudsynte funksjonar for både elevar og lærarar, slik at borna kan bli kloke og gode samfunnsborgarar for framtida. Men om skulen treng tunnelsamband med idrettshallen som ligg like ved, slik at borna ikkje vert utsett for alt for mykje frisk luft er vi ikkje like sikre på. Heller ikkje om at ein ny barnehage skal hektast på same prosjektet, slik det er ønska. Og kanskje er tomta stor nok, mange meiner det. Og ei rekke slike spørsmål vi skal ta stilling til det neste året.

Kva vi ender opp med til slutt og korleis vi kjem dit vert spanande. Med den nye barneskulen på Valderøya friskt i minne, veit vi at den førte Giske kommune rake vegen inn på Robek. No har vi kome oss vekk frå det registeret og vi kan i større grad vere folk i eige hus. Giske kommune hadde overskot på drifta i 2022, men vi er framleis sårbare økonomisk, med lånegjeld på over ein milliard kroner. Dette er slikt ein må ha med seg når ein går laus på eit nytt stort skuleprosjekt. Når somme seier at Valderøy barneskule ikkje har noko med det å gjere, blir eg smått irritert. At vi som politikarar ikkje skal lære av historia gir inga meining i mitt hovud.

Ingen skal tvile på at Giske Frp er ein del av ei tverrpolitisk semje om ein ny skule på Vigra. Men eg vil åtvare dei politikarane som trur dei vil sanke stemmer ved valet til hausten på å gå inn for dei dyraste løysingane. Det er ingen tente med, heller ikkje elevane ved Vigra og dei andre barneskulane i kommunen.