27. april hadde vi i tankesmia Initiativ Vest ansvaret for ein av bolkane under konferansen The North West, der fokuset var på balansen mellom bruk og vern av havet og koplinga mellom hav og samfunn. innlegga og den politiske samtalen som følgde etter synte at ein framover må ha ei meir heilskapleg tilnærming til det som skjer i havet, og koplinga mellom hav og samfunn vert sentralt i dette. 2021–2030 er FN sitt havtiår. Havet vert peika på som heilt sentralt framover i ei verd der vi vert stadig fleire menneske. Før utgangen av dette hundreåret er vi venta å vera meir enn 10 milliardar menneske her på jorda. Menneske som skal flytte seg, som skal ha mat, medisinar, opplevingar og energi. Samstundes er klima i endring og naturmangfaldet sterkt truga.

Når det er store interesser innanfor eit felt veit vi også at det vil verta kamp om areala. Slik vil det også verta i havet. Ein ser alt konturane av det. Under arrangementet i Ålesund synte kystdirektør Einar Vik Arset med anna fram korleis dagens trafikkmønster langs kysten vil verta påverka av havvind på Utsira Nord. Sameksistens og heilskapleg tilnærming og samordna planprosessar vert peika på som nøklar. Eit anna døme som vart trekt fram under konferansen var korleis manglande infrastruktur på land gjer at ein ikkje får gjennomført overgangen til nullutsleppsfartøy til havs. Det understrekar behovet for å kople satsingar og tilpassingar på land, med ambisjonar og satsingar til havs. Greier ein dette vil ein kunne få ei meir heilskapleg tilnærming til samfunnsutviklinga i kystsamfunn.

Vestlandspolitikarar bør kjenne på ansvaret og gå føre i arbeidet med å synleggjere havet si tyding for nasjonen Noreg, og arbeide fram politikk og tenking som i større grad koplar hav og samfunn. internt i sine parti og gjennom andre kanalar og arenaer der ein deltek. Dette er også eit bra område for politikarar på tvers av dei tre vestlandsfylka å gå saman om, som ei konkret oppfølging av ambisjonane og måla i den felles næringsstrategien ein vedtok i 2021.

Sjølv skulle eg gjerne sett fleire vestlandspolitikarar, på lokalt, regional og nasjonalt nivå, ta aktiv del i debattar om havet, og leie an i utforminga av ny heilskapleg havpolitikk. Eg skulle også gjerne sett fleire av dei same politikarane frå heile Vestlandet til stades på arenaen The North West.

Kanskje burde difor ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, samle ei rekkje av desse politikarane til felles rådslag om havet, og om korleis ein kan kople havet og samfunnet tettare saman under neste års konferanse? Det trur eg både Ålesund, Vestlandet og Noreg hadde vore tent med!