«Felles innsats for menneskeverd og demokrati» var overskrifta på leiaren i Sunnmørsposten måndag 4. mars, etter at Catrine Thorleifsson la fram rapporten frå Ekstremismekommisjonen.

Vi har kjempa sidan 1995 for å ta vare på Vigra Kringkastar som «eit senter for ytringsfridom og demokrati». I 2011 skreiv grunneigaren og Telemuseet under på ein intensjonsavtale om eit slikt senter og i 2015 laga Telemuseet ei ideskisse av eit slikt senter. Ideen bak var Vigra Kringkastar si viktige nasjonale rolle i fridomskampen vår dei første krigsdagane 9. til 15. april og kringkastinga sin rolle for demokratiet vårt.

Radioen var det første elektroniske massemedia. Vi har hatt ei lang historisk utvikling frå AM-radioen til smarttelefonen og internett. Denne viktige tekniske historia er dårleg dokumentert. Vigra Kringkastar og Møre og Romsdal fylke har vore ein viktig del av både den nasjonale telekommunikasjon og krigshistoria.

Fiskeri er årsaka til at Møre og Romsdal fylke har vore pionerar på telekommunikasjon. Fiskeri var også årsaka til at Vigra Kringkastar vart Norge sin sterkaste kringkastar, med størst rekkevidd. Vigra-sendaren dekte havområdet mellom Skottland, Island og Svalbard og mesteparten av Norge.

Når krigen kom 9. april 1940 vart alle dei største nasjonale og regionale kringkastarane i Sør-Norge tatt av tyskarane 9. april – unntatt Vigra Kringkastar. Derfor vart Vigra Kringkastar det frie Norge sitt viktigaste tale-rør frå 9. til 15. april.

Frå 11. til 15. april var Vigra-sendaren og Ålesund Radio ein del av det viktigaste militære sambandet Norge hadde med våre allierte i London. Folk frå NRK, NTB og Arbeidarpressa kom til Ålesund 15. april for å kunne bruke Vigra-sendaren som sitt talerøyr. Dei slo seg saman med det lokale informasjonskontoret på Latinskulen og danna «statens informasjonskontor i Ålesund», til dei måtte flykte vidare til Tromsø 1. mai.

Kong Håkon 7. opna «nye Vigra Kringkastar» – sendarbygget 1948 – i eit radioprogram sendt frå Løvenvold kino 12. april 1948. Joachim Rønneberg opna programmet og Henrik Straumsheim las sin prolog som enda slik: «Så lenge som han ikkje dovna av den varde-eld som i vårt folk har sigra, skal dine tonar gå om land og hav, den frie norske røsta røysta: her er Vigra!»

Vigra Kringkastar Venneforening – VKVF – har tatt vare på og samla dei eldste verneobjekta – feederhuset 1935, lagerbygg/tyskar-brakke 1938/40, krigssendarbygget 1940 og mastetoppen frå Vigra-masta 1952 – på eit museumsområde ved sendarbygget frå 1948. I sendarbygget har vi samla teknisk utstyr og dokumentasjon frå den analoge kringkastings-perioden i MR-fylke (AM, FM, TV) 1925–2019.

Sendarbygget 1948 er no det einaste store verneobjektet i heile Midt-Norge som framleis står på Telenor sin verneplan. Vi kjempar for at Vigra Kringkastar skal brukast som «eit senter for ytringsfridom og demokrati» i kampen mot ekstremisme.