Det blir ofte snakka om den komande eldrebølga, men lite om alle borna vi «manglar» og som vi stadig får færre av. Kva gjer vi med det faktumet at vi er på veg til å slutte å reprodusere oss sjølve i forhold til andre problem det er stor politisk vilje til å handtere?

Politikarane brukar gledeleg titals milliardar på å elektrifisere norske oljeplattformer. Når det kjem til ulønsame havvindparkar er viljen til å subsidiere også i størrelses orden på titals milliardar. Det at vi har 15.000 milliardar kroner i oljefondet gir oss openbert eit godt handlingsrom for investeringar politikarane vurderer som viktige og naudsynte, lønnsame eller ei.

Men kvar er den politiske viljen til å adressere den fallande fødselsrata? Ja, vi har verdas beste permisjonsløysing for familiar. Det har vi hatt ei god stund, men i 2009 var fødselstala våre mykje betre enn i dag. Den førre endringa av permisjonsordninga gjekk ut på å redusere valfridomen til familiane for korleis dei kunne bestemme uttaket av permisjonstida si sjølv. Det var sikkert eit velmeint meint slag for likestillinga men truleg lite hjelpande på dei allereie låge fødselstala.

Difor har vi i Haram Høgre valt å adressere utfordringa med at vi har for låge fødselstal. Vi går til val på at vi skal oppmuntre familiane i Haram til å få fleire barn ved å gi dei 50 % rabatt på plass i barnehagen for barn nummer tre og gratis barnehageplass for barn nummer fire. Dette er ei investering i framtida vår og vil gjere at dei familiane vi allereie har i Haram kanskje får fleire barn, men også at fleire familiar vil velje Haram som ein stad å bu og leve.