Georg Wasmuth Sejersted skreiv etter 1948-krigen i Palestina: «I Gazaområdet (sør for Israel) er det verre enn verst. Befolkninga i dette ufruktbare området var før Palestinakrigen på 80.000, som vanskeleg kunne brødfø seg selv. Og nå er ytterligere mer enn 200.000 flyktninger kommet dit. De sover under akasiebusker, i halmhytter og i gamle fillete militærtelt – eller i telt sydd sammen av sekker. FNs hvite fly kommer rett som det er til dem med matvarer og medisiner... Nøden er fremdeles skrikende … Det kan skjære en i hjertet å besøke og se disse tusener på tusener av mennesker som ikke har gjort noe galt, men som er ofre for en krig.»

Flyktningane på Gazastripa fekk aldri vende attende til heimane sine i Israel, noko dei hadde rett til. Verdssamfunnet måtte ta seg av dei. FN bygde flyktningleirar på Gazastripa og har sidan dekt utgiftene til mat, hus, skulegang og helsehjelp. Men dei måtte leve med urettvisa, først under egyptisk okkupasjon 1948-67, så israelsk okkupasjon 1967–2005 og sidan under Hamas-styre med blokade frå både Israel og Egypt.

Med oppretting av staten Israel mista i realiteten palestinarane sine grunnleggande menneskerettar. Rettferd, likeverd, fridom, sjølvstende og rettstryggleik gjeld ikkje for dei. Og det som er verre: Det er ingen teikn som tyder på at dei nokon gang vil oppleve det. Gang på gang på gang har fortvilinga, nauda og vonløysa resultert i valdelege eksplosjonar i større eller mindre omfang. Den siste var ufatteleg på alle måtar. Det er også ein dom over Netanyahus sionistiske tilnærming til situasjonen.

No er det Netanyahus tur til å hemne, med USAs vilkårslause støtte. Vil det skje eit nytt sionistisk mirakel, i tråd med det som skjedde i 1948 då 750.000 palestinarar måtte flykte; kan israelske militærstyrkar klare å tvinge 2,2 millionar palestinarar til å flykte til Egypt? Og derifrå til andre arabiske land, og europeiske?

Eller vil humaniteten i den israelske befolkninga takke av Netanyahu og hans undertrykkingspolitikk og velje leiarar som kan vise fram ein annan veg som gir håp om ei betre framtid for folket på Gazastripa?