Ein ting er mengda av biler, det er over 7.000 biler om dagen, men så er det farta på bilane i 50 km/t sona. Bilane held ikkje fartsgrensa. Bilane køyrer ikkje berre litt over, men vesentleg over også ifølge målingar teke av Statens vegvesen.

Me er ein familie på åtte personar som bur i gamle Ørskog kommune, ja det har vorte ein haug med ungar og dei – med unntak av E39 som deler bygda i to – har hatt gode oppvekstvilkår.

Så har me no i seinare tid vorte innlemma i Ålesund kommune. Eg føler og opplever at me har vorte den gløymte del av den nye storkommunen. Møre og Romsdal treng ei stor kommune som dreg lasset, som er attraktiv og som har kvalitative tenestetilbod. Men me er altså noko gløymd. Kva skal ein gjere?

Ålesund kommune har til dømes ikkje gjort jobben sin knytt til å regulere traseen i samband med Møreaksen. Likevel skal det vere vedtak på at det må gjerast mellombelse tiltak på Sjøholt. Kvar blir det av desse tiltaka? Statens vegvesen har, trass i den auka trafikkmengda ikkje gjort tiltak her på over 30 år.

Det finst tiltak som er svært rimelege. Det kan gjerast med to fotoboksar. Her vises til til retningslinjer for val av stader og strekningar for Automatisk trafikkontroll (ATK). Eg meiner at Sjøholt fell innanfor kriteriane. Det visast til:

Punkt 2, siste avsnitt, som seier at ATK skal etablerast der det forventast størst trafikksikkerheitsgevinst , Punkt 2, som er fartskriterium, og sist og ikkje minst til punkt 3 i siste avsnitt som i forhold til rettleiaren gjer unntak frå alle kriterium når geografiske/vegtekniske forhold der det kan vere vanskeleg å gjennomføre ordinære politikontrollar.

Kjære samferdselsminister Jon Ivar Nygård; om du ikkje har tid til noko møte, kan du då rydde litt opp i rekkene?

Vi betaler ein masse skatt, og den rapegalne formuesskatten. Vi betaler altså lønna både til Ordføraren i Ålesund og vi betaler lønna, ikkje heile, men ein del til dei som jobbar hjå Statens vegvesen sitt kontor i Molde. Kan du då fortelje meg eller lage meg ein rettleiar på korleis eg når fram, korleis kan eg få til møte, korleis kan eg ytre om trafikkstoda til dei som har ansvaret?

Kort og godt: tilbakemelding. Korleis gjeng eg fram?