For fyrste gong på 95 år får norsk litteratur Nobelprisen i litteratur. Det skjer med ein litteratur som er uløyseleg knytt til særnorske fenomen som nynorsk, fjordar og fiskarbonden. Korleis går det an, og kva kan eigentleg næringslivet lære av han som har «nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara»?

Fosse står trygt i den nynorske tradisjonen. Den geografiske og kulturelle bakgrunnen hans ligg til grunn i heile litteraturen. Det er ingenting ved litteraturen til Fosse som imiterer eller kopierer andre. Trongen til å kopiere ser ut til å vere større for merkevarer. Fosse kjem styrka ut og treff verda fordi berre han kan skrive denne litteraturen. Merkevarer som skal vinne terreng må klare det same: vere seg sjølv, vere stolt av identiteten og få ei truverdig forteljing.

Trass i den tydelege identiteten er Fosse nyskapande. Han er nyskapande på same vis som store kunstnarar før han. Fosse kjenner råvarene (orda og språket), og har øvd opp unike evner i handverket. Næringslivet har mykje å lære av tolmodige kunstnarar. Dei som skapar innovasjon kan råvarene og handverket.

Når eg les eller ser litteraturen til Fosse er det det heilt nakne mennesket som møter meg. Mennesket er ikkje fysisk nakent, men avkledd heilt ned til kjernen i kva medvit, samspel og samfunn er. Fosse tør der mange i næringslivet vegrar; å vise kva og kven nakent og ærleg til verda. Han tør også å gjenta det som står på spel; nesten til det utmattande. Det stør opp om musikaliteten i litteraturen hans, og kan stø opp om andre identitetstrekk i ein merkevare.

Det tok lang tid før Jon Fosse slo gjennom på engelsk. Lenge stod dramatikken til Fosse sterkast i den tyskspråklege verda og Asia. Somme tider er blikket til næringslivet einsidig retta mot vest, og den engelskspråklege verda. Men norske idear kan like gjerne vere geniale sør eller aust for oss.

Fosse er ikkje aleine på Vestlandet om å streve seg til innovasjon, forakte bullshit og sjå ut i verda. Men næringslivet har meir å lære om identitet. Det kan dei lære meir om. Då kjem noko til å kome.