Sjølv om han må vite at nei til renseanlegget er ja til byggestopp i store deler av Ålesund.

Men det passar Knutsen best å dempe ned pressemeldinga frå Kommunedirektøren i Ålesund 15.06.2023. Sjølvsagt kjenner han innhaldet godt. Den er lett tilgjengeleg for alle på kommunen si heimeside. Og fylgjande formulering har nok Knutsen merka seg særleg godt: «Byggesøknader som vil auke avløpsmengda frå eigedomen knytt til Larsgården, Breivika og Bingsa reinseanlegg vil ikkje bli godkjent.»

Dette er fakta Knutsen må forhalde seg til. God framdrift i etableringa av anlegget på Kvasnes (Kongshaugsttanda) – er det einaste som opnar for å søke om dispensasjon i påvente av at anlegget står ferdig. Også det er tydeleg presisert i pressemeldinga frå Kommunedirektøren: «dersom ein held framdrifta med bygging av reinseanlegget på Kongshaugstranda, så kan kommunen søke om dispensasjon frå byggestans for områda som skal knytast til Kongshaugen. Det gjeld områda som soknar til reinseanlegga i Breivika, Larsgården og Flisnes.»

Så kva er Knutsen og TvP sin plan? Skal Knutsen gå i open konflikt med Statsforvalter og Miljødepartement? Med svært dårlege odds for å vinne – og med utvida byggestopp på kjøpet? Dette er ikkje ein kamp som vil tene verken byggenæringa eller utviklinga av Ålesund. Ingen er tent med Kvasnes-omkamp og byggestopp.