Regjeringa sitt svar på dyrtida er klart: Prisstiginga skal ned, vi skal sikre folk ein jobb å gå til og ein velferdsstat som gir tryggleik. I den krevjande tida vi er i, med auka prisar og mange flyktningar frå krigen i Ukraina, er det fleire som oppsøkjer Nav. Det er også fleire som nyttar seg av matutdelingstilboda til det frivillige. Eg tviler ikkje på at dei som oppsøkjer matutdelinga har gode grunnar til det. Det er useriøst av Giske å antyde at eg meiner at nokon gjer det for moro skuld. Det har eg aldri sagt.

Matutdelinga har hjelpt mange menneske over ulike kneikar i mange år. Dei frivillige gjer ein kjempejobb, og er eit viktig supplement til offentlege tenester. Samtidig har eg heile tida sagt at ingen skal vere nøydde til å gå dit. Personar som treng hjelp, bør kontakte Nav-kontoret. Vi skal ha ein velferdsstat som gir tryggleik for alle, heile året. Også i dei krevjande tidene vi går gjennom no.

Det aller viktigaste regjeringa gjer, er å få ned prisstiginga og sikre at folk har ein jobb å gå til. Giske bør ha med seg ein ting vidare: Forskinga er tydeleg på at det aller viktigaste vi kan gjere mot fattigdom, er å få fleire inn i faste, heile stillingar.

Statistisk sentralbyrå har funne at om éin i husstanden har ein jobb over tid, blir risikoen redusert for alle i husstanden frå å leve i fattigdom frå 48 til seks prosent. Det er ein enorm forskjell.

Derfor må vi leggje til rette for at alle som kan og vil jobbe, får moglegheitene og tryggleiken som det å vere i jobb gir. Derfor bruker regjeringa nesten 11 milliardar kroner på arbeidsmarknadstiltak for å hjelpe fleire inn i jobb i 2024.

Giske meir enn antydar at regjeringa ikkje veit korleis prisstigning og renteheving påverkar folk. Det er ein flåsete og feil påstand. For regjeringa er det viktig at det er heilskapen av velferdstenester som gir deg tryggleik, frå billigare barnehage til ei solid straumstøtteordning.

I tillegg har regjeringa, saman med SV, gjennom dei siste to åra auka ytingane og satsa spesielt på tiltak retta mot barnefamiliar. Lista over tiltak er lang. For neste år aukar vi uføretrygda, arbeidsavklaringspengane og satsane for dei som får kvalifiseringsstønad. Vi aukar også barnetrygda, gir billigare SFO og vi gir meir pengar til matsentralane. Dette gir tryggleik i kvardagen i ei uroleg tid.