No er det pride-månad og overalt møter ein regnbogeflagget anten ein skal inn på Vipps eller handle på nett. Trondheim kommune har brukt 500.000 kroner til å kjøpe inn Pride-flagg. Trass i at det kvart år er diskusjon om skulebarna skal få vite kvifor vi feirar jul, skal no Osloskulen gå i Pride-parade under eiga fane. Førsteklassingane i Troms og Finnmark skal ha skulesekkar med Pride-fargane. «Nordic Choice Hotels er sprekkeferdig stolt sponsor» for Oslo Pride seier dei på nettsida si. NRK skal ha eiga Pride-sending – osb., osb.

Kvifor har eit flagg som symboliserte seksuell orientering, brått bli noko barn som enno ikkje er i puberteten skal reklamere for og vi andre skal vere tvungne til å feire som om det var ein nasjonalskatt, går over min forstand. Vi har ein kvinnedag, ein arbeidarane sin dag, ein 17. mai, ein morsdag, ein farsdag, men vi skal altså ha pride i ein månad i alle kanalar. Som det står i reklamen: «Oslo Pride er Norges største feiring av skeiv kjærlighet og mangfold.

En tidagars festival hvor alle kan være akkurat den de er:» I motsetning til resten av året, regner eg med, då vi alle går rundt og er nokon andre. Eg har ingenting i mot om vi hadde ein dag for homofil synleggjering, det trengst sikkert enno mange stader.

Men kvifor skal skulebarn i Oslo feire seksualmangfald? Veit dei i det heile kva ein meiner med det? Veit dei vaksne det? Veit dei til dømes at transideologien som òg er ein del av denne pakken, øydelegg ungdommars helse og i tillegg er homofob?

Organisasjonen FRI og liknande organisasjonar i andre land, har vore dyktige til å marknadsføre denne dagen som ei feiring av fridom, kjærleik og såkalla mangfald. Men dette er politisk propaganda så god som nokon. Det er ei skandale at ein nyttar barn på denne måten, og det er forkasteleg å nytte offentlege pengar på slik tom posering.