Eg ser det slik at han både «hoppar bukk» over viktige hendingar, og at ikkje alt stemmer historisk.

Gamle Kana’an har vore jødane sitt heimland i over 3000 år. Romarane spreidde dei mellom alle folkeslag i år. 70 e.Kr. For å audmjuke folket meir så vedtok Keisar Hadrian i år 134 e. Kr at namnet skulle vere Palestina. Når det gjeld arabarar som bur i landet så har dei «korte røter» her. På 1800-talet var der lite folk i landet, cfr. Mark Twain sine rapportar. Men i 1830-åra hadde Mohammed Ali styringa i Egypt, og son hans Abrahim Fasha tok med seg 10.000 egyptarar og drog nordover. Dei slo seg ned på Sharon-sletta og andre stader. Desse egyptarane utgjer opphavet til ca. 500.000 av dei arabarane som bur i dagens Palestina. Så veit vi at mange arabarar i Austblokklanda drog vestover då det tok til å vekse og gro i Palestina. Jau, røtene er korte for arabarane i landet.

Så kjem Groven inn på FN sitt vedtak i 1947. Her blir det gale dersom ein ikkje tek med det som skjedde før. Etter mykje forarbeid kunne Folkeforbundet samle seg den 24.07.1922 og vedta at no skulle arabarane i landet få område frå elva og austover (dagens Jordan) og jødane skulle få landet frå elva mot havet (området av gamle Kana`an) Eit samrøystes vedtak i Folkeforbundet er krystallklårt. Sitat: «Jødene har nå fått anerkjernnelse for sin historiske tilknyting – og anledning til å gjenopprette sitt nasjonale hjem» Artikkel 6: «fremme jødisk immigrasjon -. oppmuntre til tett bosetting av jøder i landet» Eg merkar meg at arabarane sin delegasjonsleiar, Emir Feisal, skriv: «Vi vil ønske jødene på det hjerteligste velkommen hjem» Dette såg då lovande ut.

Men kor lenge varte det. Saka kom til FN i 1947. Etter artikkel 80 i FN-pakta kan ikkje FN gjere endring av vedtak fatta i Folkeforbundet, sitat: «Med mindre det er avtalt i individuelle tilsynsavtaler.» (art. 77) Så skjer det som Groven nemner.

Palestina-arabarane, med den muslimske verda, nekta å godta Folkeforbundet sitt vedtak. FN gir etter, FN-resolusjon 181 vart vedteken, og landet som Folkeforbundet tildelte Israel vart delt opp i «mange delar». Jødane sa ja, trass i eit dårleg land å ta vare på strategisk. Palestina-arabarane sa nei, og gjekk til krig, med god støtte frå nabolanda.

Her er Groven si tolking fullstendig gal. Dei gjekk til krig fordi dei skulle ha alt. Dei skulle oppfylle Nasser sin lovnad at jødane skulle kastast på havet. Her vil eg tilrå Trygve Lie si bok «Syv år for freden» Han skriv m.a. «Det arabiske grunnstandpunkt er årsaka til all senere vald og terror i området.» Jordan gjekk inn og annekterte det område som var tiltenkt palestina-arabarane. I 19 år hadde dei høve til å etablere ein stat her. Men nei, dei skal ha alt!