Eg har fått både mykje og lite sild.

For nokre år sidan fekk eg ein sildesort som eg ikkje hadde sett før. Den var ikkje så stor, litt store skjel og rundare. Den var feit og fin og smaka godt både salta, kokt og steikt. Den stamma har auka sidan den tid.

Eg kontakta Einarsen som jobba på Akvariet i Ålesund, so han hadde peiling på fisk. Han ville svært gjerne ha sild. Han budde på Sula, så når eg hadde sild tok eg med meg ei bøtte av den vanlege silda, og nokre av den andre silda. Eg tok ferja frå Hareid og Einarsen stod klar på kaia. Når han såg bøtta med sild sa han at dette er fjordsild. Den andre silda trengde han litt lenger tid på å studere.

Etter nokre dagar ringde han meg og sa at det var SARDIN. Eg sa at det er no i Middelhavet det. Nei, sa han, den er registrert så langt nord som til Island. Han ville vite om ho gyter. Eg sa at det var både rogn og isel i ho. Då held den på å etablere seg, sa han. Det stemmer nok, for det har vorte meir av den.

Dette lysfisket må det verte slutt på! Det er rovfiske på det verste. Når det ligg to båtar og lyser kvar natt i ei heil veke, og den eine båten ligg ankra opp på same plassen, så den andre ikkje skal ta den. Viss ikkje nokon set ein stoppar for dette, kan ein lure på om alt er som det skal vere.

Det er eit ordtak som seier at det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn.

Før såg vi no fugl bort på vika, men no er den vekk.

Noko av det første vi lærde var at åtet var mat for all fisk og sild. Før var det gale at det var for mange som fiska på silda, flåten var for stor. No er det mindre antal båtar, men mykje større.

Lysfiske må det verte slutt på, eller går det ad undas! Det er rart dei ikkje forstår det!