Hermine Pettersen Myklebust (17) avslører i Sunnmørsposten 13. april at ho har, trass i sin unge alder, gjennomført to viktige studiar. Ho har begynt sykle baklengs og oppdaga (heldigvis for henne) at det er meiningslaust.

Det kjem ikkje fram om det var medan ho sykla baklengs at ho fann grunn til å studere nynorsk. Det kan i så fall vere forklaringa på hennar konklusjon: Nynorsk er like meiningslaust som å sykle baklengs og enda vanskelegare enn å lære spansk. Ein må ha forståing for at Hermine fann grunn til å kunngjere hennar revolusjonerande oppdaging.

Ein må ha lov til å slå fast følgjande:

  1. Synd den unge «forskaren» ikkje levde for 150 år sidan. Då kunne ho ha teke ein alvorsprat med Ivar Aasen, Elias Blix og Aasmund O. Vinje og fortalt: «Gutter! Dere tar feil! Jeg har rett. Landsmålet er meningsløst». Då hadde vi ikkje blitt plaga med: «Mellom bakkar og berg», «No livnar det i lundar» og «Blåmann, Blåmann bukken min». Då ville ho sjølvsagt slått i bordet med at å bygge eit språk på norske dialekter var heilt unødvendig når vi like godt kunne bygge på det danske språket som er så lett å forstå og skrive.

  2. Seinare kunne ho fortalt Hulda og Arne Garborg om sine kunnskapar. Då hadde vi kanskje ikkje fått «Det Norske Samlaget» og Det Norske Teatret» og Bygdeungdomslaget i dei fleste byar og ungdomslag i bygdene. Seinare ville det kanskje vore lett for henne, kanskje etter å ha demonstrert baklengs sykling, å forklare Olav Duun, Jakob Sande (Det lyser i stille grender»), Halldis Moren og Tarjei Vesaas at det var «meningsløst» å skrive nynorsk.

  3. Kva med Jo Ørjaseter: «Å Vestland, vestland». Krigshelten Martin Linge som padla i kajakk frå Bergen til Ørsta for å treffe sitt språklege idol Anders Hovden.

  4. Men det er heldigvis ikkje for seint for den unge syklisten: Ho bør ta ein alvorsprat med Jon Fosse og Edvard Hoem og forklare dei at dei må skrive slik at ho og andre ungdommar som har lettare for å lære spansk enn nynorsk, forstår kva dei skriv. Are Kalvø bør ho og ta i nakken. Kalvø kjem i desse dagar med musikkspelet («omforlatelse»: Musicalen) «Spynorsk mordliste» på Det Norske Teatret.

  5. Hermine sitt viktigaste synspunkt i hennar forsøk på å gravlegge nynorsken, ved sida av det er vanskeleg å sykle baklengs, synest vere at det er så få som kan nynorsk og at « flertallet» er imot nynorsk: «Hvorfor skal vi lære et skriftspråk nesten ingen kan»?

  6. Mitt svar er: Nynorsken er eit så viktig fundament i vår kultur at det i dag er enda viktigare å bli kjent med og respektere språket, som bygger på våre dialekter, enn det har vore dei siste 70 åra. Det har heller aldri før vore så lett å skrive nynorsk som i dag. Nynorsk ordliste / retteprogram er installert i dei fleste PC-ar.

Eg har alltid skrive på nynorsk. Etter å ha skrive ein biografi om Martin Linge og ein om Rubin Langmo, vart eg av eit forlag i januar bedt om å skrive ein ny biografi. For meg var mannen heilt ukjent. Han 85 år og har levd eit heilt utruleg liv. Etter å ha møtt personen tok eg på meg oppdraget trass i at eg måtte skrive på bokmål. Det er underleg å skrive bokmål. Men takka vere PC-en går det nesten like fort som å skrive på nynorsk.