For dei er først og fremst våre. Dei er der i staden for oss.

Tenk om det blir slik at ingen lenger orkar å stå i det? Kva er alternativet då?

Det er nok av uhyggelege døme i verda på maktmenneske som ikkje lar seg avsette.

I eit demokrati er vi representerte av heilt vanlege menneske. Sjølvsagt får vi det ikkje alltid slik vi vil, men det geniale er at politikarar kan avsettast og erstattast.

Eg liker å tru at politikarar stort sett er menneske som ønskjer å gjere sitt beste for fellesskapet, og eg ønskjer meg sårbare politikarar som gjer feil.

Men korleis skal dei orke å yte sitt beste når alle rundt dei berre synest å jakte på feila deira?

Ein gong for lenge sidan sa Anne Enger Lahnstein: «Vi må ikkje kome dit hen at vi berre har politikarar med så tjukk hud at dei står oppreist utan ryggrad».

I skulen hadde vi eit effektivt tryllemiddel som fekk fram det beste i borna: «Knip dei i å gjere noko bra!»

Eg tippar at dette trikset hadde fungert overfor politikarane våre også.