Konsekvensane av global oppvarming og arealaldring er dramatiske. På femti år er femti prosent av økosystema i verda blitt øydelagde. Tidsvindauget for å gjere noko med dette er lite. Den ferske rapporten frå klimakommisjonen i FN understrekar alvoret.

Ikkje meir tid

For SV er dette kjempeviktig – vi har ikkje meir tid, og vi har ikkje råd til å oversjå analysane frå dei vitskaplege miljøa. Vi har ikkje råd til å vente på at alle verstingane feiar for eiga dør. Skal vi klare å møte framtida som berekraftig samfunn, må alle sektorar bidra – sjølv om det kostar. Å ikkje handle vil koste oss mykje meir.

Etterlyser breidde

Dei siste åra har eg kjempa alt eg kan for å ta vare på miljøverdiane på Haramsfjellet, der vindturbinane openbert blir ein trussel mot fuglelivet, faunaen og bruken av området til rekreasjon. Opp mot dette står ambisjonen om å produsere fornybar energi, og å eksportere «rein» kraft – alt med Klima som overskrift. Eg etterlyser breidde i energidiskusjonen, der viktige tema som energisparing, isolasjon og teknologiutvikling så langt har fått svært lite plass. Vi må kunne prioritere bruken av energi, og ikkje subsidiere store mengder kraft til t.d. bitcoinmining, som eg meiner er kraftkrevjande «industri» heilt utan samfunnsnytte.

Landbruket tek ansvar

Eg har mange år bak meg som gardbrukar og som tillitsvald i bøndene sine organisasjonar. Landbruket vil ta sin del av ansvaret, samtidig som næringa peikar på at tiltaka må vere målretta og basert på kompetanse. Her er mange omsyn å ta, men og mange gode tiltak som står i openberr motstrid. Eg meiner matsikkerheit og klimaførebygging må løftast høgt på den politiske agendaen. SV vil ha eit taktskifte i jordbrukspolitikken og produsere meir mat på norske areal. Difor må inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper tettast. Vi må sikre at det vert investert og at jorda vert halden i drift over heile landet.

Alt heng saman

Men dersom vi einsidig ser på klimarekneskapen bør landbruket satse på høgtytande dyr og store avlingar på lite areal. Laks og kyllingfabrikkar som importerer nesten alt fôr er dei store klimavinnarane, langt betre enn t.d. sau og geit på beite. Med same føresetnad bør plantane produserast som monokultur, med stor input av gjødsel og plantevernmiddel. Dette står i motstrid til fleire viktige mål som ikkje har med klimaet å gjere som god dyrevelferd, lågt forbruk av antibiotika og biologisk mangfald. Dette må fram i lyset. Vi kan ikkje handtere desse prioriteringane kvar for seg – alt heng saman med alt.

Det er sjeldan ein god ide å ofre miljøet for å støtte klimasaka, – eller omvendt. Vi berger ikkje lungene med å operere ut hjartet. Når fossil olje skal ut, er det er kjempeviktig å satse på bio og fotosyntesebaserte næringar som landbruk, næringsmiddelindustri og bioindustri. Politikken må søke fornuftige prioriteringar, og unngå at viktige samfunnsspørsmål blir handtert i djupe grøfter.

SV vil møte både naturkrisa, klimakrisa og forskjellskrisa med vår politikk.

SV vil kutte utslepp, bygge nye arbeidsplassar og dele goda.