I 1965 slo Skodje, Ørskog og Stordal seg saman til ei kommune. Ørskog storkommune, som ho vart kalla på folkemunne. Eg har blitt fortalt historia frå fleire som både budde og arbeidde i kommunen den gong. Det gjekk ikkje lange tida før striden mellom bygdene byrja. Når eine bygda fekk noko, ville dei andre kommunedelane ha det same. Dette gjekk slik det måtte gå og kommunen vart oppløyst i 1977.

Dei fleste kjenner på følelsen av identitet og tilhøyrsle til lokalsamfunnet dei bur i. Mange i dei tidlegare sjølvstendige kommunane opplevde samanslåinga med Ålesund som eit innhogg i denne kjensla. Eg høyrer likevel at mange er positiv til samanslåinga med Ålesund. Meg inkludert.

Ein ser at organisering og drift av til dømes tekniske tenester er heva betydeleg. Ein opplever at vegane vert drifta på ein meir forsvarleg måte, vegholer vert fylde, og tekniske installasjonar vert bygd og oppgraderte. Innbyggarane kan via innbyggartorga få kontakt med kommunen lokalt, få hjelp til skjemautfylling og anna teknisk assistanse. På denne måten vil innbyggarane føle at dei når inn til kommunen på ein god måte.

Eg vil òg tru at effekten vidare er at sakshandsamarane får meir tid til nettopp sakshandsaming, fordi skjema vert korrekt utfylt og sendt digitalt via innbyggartorget.

I intensjonsavtalen mellom Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy er fyrste punkt i overordna mål: «Sikre gode og likeverdige tenester der folk bur, gitt av kompetente fagfolk.». På Skodje er vi så heldig at vi har både innbyggartorg, legekontor, helsestasjon, psykisk helse- og rusteam, kyrkjekontor, skulehelseteneste, IT-avdeling og meir til, samla på ein plass.

Sjølv om denne intensjonsavtalen er skriven mellom dei tidlegare landkommunane og Nye Ålesund kommune, og ikkje Nye Nye Ålesund kommune 2024 utan Haram, så vil den for Skodjebygdarane, Ørskogbygdarane, og Sandøyingane vere like gjeldande. Denne intensjonsavtalen er eit viktig bidrag for at innbyggarane i dei tidlegare landkommunane og den nye kommunen skal fungere, og at lokalsamfunna fungerer i det daglege inn mot kommunen.

Eg ser no i kuttlista frå kommunedirektøren at eit av forslaga er å legge ned innbyggartorget på Skodje. Eg trur alle forstår at kjensler og identitet, kommunale budsjett og økonomi ikkje alltid kan henge saman. I økonomiske tronge tider må ein ty til grep som har konsekvensar for innbyggarar og tilsette. Men dette kuttet meiner eg vil få uproporsjonale negative konsekvensar for innbyggarane på Skodje.

Det er viktig at kommunen og politikarane viser at Skodje, Ørskog og Steinshamn er viktige delar av Ålesund kommune. Innbyggartorga er kanskje ikkje ei lovpålagt teneste, men den er spesielt viktig for samhandlinga mellom mange av innbyggarane og kommunen.