I Sunnmørsposten 14. juli kjem Håkon Lykkebø Strand og Ålesund Frp med ein del påstandar som er direkte feil eller misvisande.

For det første kjem Strand med påstanden «vi har de siste årene forslått å redusere eiendomsskatten gjennom å innføre et bunnfradrag».

Eigedomsskatt

I Ålesund Frp sitt budsjettforslag for 2022 foreslo ikkje Frp reduksjon i eigedomsskatten. Kommunedirektøren sitt forslag om 135 millionar i eigedomsskatt blei vedteke, og Frp hadde i sitt forslag også 135 millionar i eigedomsskatt.

For det andre kjem Strand og Frp med følgjande påstand: «Samtidig har vi fremmet forslag om å redusere gebyrer på plan og byggesaker»

Ja, det gjorde Frp, men kom ikkje med forslag om korleis ein skulle dekkje dette, men i staden legg dei ansvaret over på administrasjon.

«Administrasjonen skal tilpasse utgifter innan adm. og kapitalkostnader i samsvar med endra inntekter jfr sjølvkostprinsippet» Sjølvkost betyr at ein skal betale det det kostar.

Konsekvensen av Frp sitt forslag er at kommunedirektøren må dekke underskotet ved å prioritere ned andre velferdstenester som for eksempel skule og helse

Bompengar

For det tredje kjem Frp også i dette innlegget med bompengekortet.

Bypakken skal gjere situasjonen betre for dei som bur på Lerstad, fleire trafikktryggingstiltak langs skulevegar og skuleområde, samt utbygging av kollektivtrafikken.

Første del av innfartsvegen blei ferdig på slutten av åttitalet og Frp har konsekvent stoppa alle samferdselstiltak i Ålesund etter dette fordi dei går mot bompengar. Blant anna har dei hatt varaordføraren i åtte år og har eit stort ansvar for at lite eller ingenting har skjedd innan samferdsel.

Ja-parti?

Tenk om ein kunne ha starta på bygginga av Lerstadvegen for tredve år sidan og hatt same utviklinga i vegnettet som i andre byar (Oslo, Trondheim og Drammen) Ingen byar i Noreg klarer å bygge ut vegnettet og kollektivtrafikken utan bidrag frå bilistane. Frp sat med samferdselsansvaret i sju år og ingen byar slapp unna bompengar.

Frp kallar seg eit ja-parti, men har dei siste år vist at dei har sagt nei til det som skal skape utvikling for innbyggjarane i Ålesund. Er det det veljarane ønskjer seg for framtida?