Per Gundersen var i 40-åra då han fekk ei «vekking» som gjorde han bevisst på at fysisk aktivitet var viktig. Etter å ha prøvt seg i nokre kortare løp, debuterte han i Drammen Maraton i 1987 som 53-åring. Bestetida hans i kontrollmålt løype på distansen vart sett som 58-åring, med 3.18.35.

Det har vorte eit utal lange løp på Per Gundersen gjennom åra. I høve til konkurrentane stadig kvassare i takt med høgare alder. Som 73-åring gjorde han knallsterke 3.47.48 i regnvêr i Hornindal.

22. juli i år gjorde han 2.24.57 på halvmaraton i sterk varme same stad – som 83-åring! Ingen medieomtale av prestasjonen er registrert, etter eit løp der bestetida var 1.20.55.

John Arne Riise har skifta idrett. Tøft gjort. Skal han bli ein god langløpar på ski, må han kunne meistre rulleski. Såleis deltok han nyleg i Lysebotn Opp. Ei kraftprøve Riise gjorde unna på i overkant av 56 minutt. Ein fin prestasjon av ein fersking, men likevel fem minutt bak svakaste løpar i kvinneklassa, og til samanlikning gjorde vinnaren Hans Christer Holund, Lyn Ski, distansen på 27.37. Alt som kunne krype og gå av mediefolk dekka Riise sin debut, sjølv om det strengt sagt ikkje kvalifiserte til meir enn ein notis.

Alle ser kanskje ikkje skilnaden på prestasjonen til Riise og Gundersen. Begge brukte litt meir ein dobbelt så lang tid som vinnaren. I prosentrekninga si verd to like prestasjonar. Men medan John Arne Riise konkurrerte grovt sett mot jamaldringar, var vinnaren av halvmaraton i Hornindal i 30-åra. Då har Per Gundersen (83) lov å vere eit stykke bak.

All ekspertise på området – nasjonal som internasjonal – ville kåra Per Gundersen sin prestasjon som den klart beste. Såleis skulle ein tru det var den som burde omtalast, men den frie pressa fungerer ikkje slik – den har sine eigne prinsipp. Prinsipp som ikkje dyrkar alderdommen akkurat. I dag lar vi Per Gundersen vere den ukjende helten – ein mann Ålesund FIK kan vere retteleg stolte av!