Ein månad etter terrorangrepet mot israelske sivile 7. oktober, så verker det til at Hamas sine gjerningar blir bagatellisert når norske studentar vel å vise solidaritet. Det konspiratoriske rykte om at Israel driv med folkemord mot den palestinske befolkninga i Gaza har fått lov til å feste seg i markeringar som er meint til å vise solidaritet med tusenar av sivile ofre og befolkninga på Gazastripa.

Eg var sjølv med på ei markering. Eg er trass alt eit menneske som kan vise medkjensle med ein befolkning som har god grunn til å frykte å bli offer for ein islamistisk rakett eller ein israelsk bombe.

Likevel var det klart at ein del av medarrangørane for markeringa er påverka av ein oppfatning av korleis situasjonen er. Ein oppfatning bygd på at Israel driv eit folkemord mot palestinarane, og at dette skal visstnok vere erklært av ein resolusjon i FN. Mest sannsynleg er dette bygd på propaganda frå Hamas filtrert gjennom meir akseptable organisasjonar. Det at det ligg ein resolusjon i FN om at Israel driv med eit folkemord i dag er usant, trass i at landet har ein overrepresentert mengde med resolusjonar retta mot seg. Dei fleste resolusjonane vedtatt av ein sovjetisk-islamistisk koalisjon av fordomsfulle anti-sionistar som eksisterte frå 1960- til 1980-talet. Den same koalisjonen som fekk gjennomslag for at sionismen er rasistisk, ein fordom som lever i dag trass i at resolusjonen blei trekt tilbake i 1991.

Det er med rette ukomfortabelt å skulle prøve å møte slike fordomar når store kjensler og store tap er i sving. Det er ein risiko at ein kjem frem som ein dritsekk som prøvar å bagatellisere palestinaranes tap. Fleire tusen palestinske sivile har tapt sine liv i bombinga av militær infrastruktur på Gaza. Humanitær hjelp til Gaza er nødvendig. Det kan til og med vere eit godt argument at det israelske forsvaret bør redusere bombinga med omsyn til den palestinske sivilbefolkninga. Ein stor del av korleis vi faktisk kan markere solidaritet, er å gi av vår rikdom slik at fleire lastebilar fulle med nødhjelp kan krysse Rafah-overgangen mellom Egypt og Gaza, noko som skjer i samarbeid med Israel og FN, men som Hamas viser skepsis mot.

Det er likevel viktig å poengtere at når norske studentar tar israelsk folkemord mot palestinarane i sin munn, tar dei samtidig Hamas sin propaganda i sin munn. Når norske studentar følger opp sin markering med å krite ned at Israel er ein folkemordstat og sionismen er ein ideologi basert på folkemord, så kriter dei ned propagandaen til dei som vil utslette Israel med ein ny og evigvarande 7. oktober. Solidaritet med Gaza basert på propaganda frå Hamas er ikkje solidaritet med palestinarane i nød. Det er ein markering av solidaritet med den såkalla «motstandsbevegelsen» Hamas, og der ligg ynskje om folkemord djupare og meir strukturelt enn det ligg blant israelske myndigheiter.