Til hausten byrjar mitt fjerde barn i 1. klasse, og mitt eldste barn er ferdig med ti års grunnskule.

Det har vore ei reise gjennom alle skulevesenets krinklar og krokar, meir prega av bekymring for kva tid hardt tilkjempa ressursar forsvinn att, enn av meistring og glede.

Ved skulestart får ein som foreldre beskjed om å vere positiv til og snakke fram skulen. Dette er vanskeleg når skulen ikkje klarar å levere meiningsfulle dagar for dei som ikkje er «A4 elevar», og det nesten utelukka grunna dårleg økonomi.

Timane eg har brukt på å finne ut kva lova seier, kva barnet mitt har krav på og kven det skal klagast til når spespedtimane nok ei gong er redusert frå førre skuleår, er garantert fleire enn dei reelle hjelpetimane barnet mitt har fått.

Det har også vore frustrasjon mot rektorar som står i fyrstelinja og tek imot fortvila foreldre som politikarar slepp å møte. Ubehagelege møter som burde vere heilt unødvendige.

Det er lite hjelp i godt skrivne individuelle opplæringsplanar og enkeltvedtak når rektor ikkje har ressursar å dele ut.

Fine ord om tidleg innsats, kor viktig det er med meistring og å sjå det enkelte barnet sine sterke sider betyr ingenting når realiteten i klasseromma er at ein kontaktlærar så klart ikkje klarar å følge opp tretti elevar sine behov til ei kvar tid.

På vegen har det kome, og gått, lærarar, miljøarbeidarar og andre fine folk som verkeleg har sett og villa mitt barn det aller beste trass alt for stor arbeidsbelastning og stadige innsparingar. Takk til desse som har vore lyspunkt i mitt barns liv.

Så, kjære politikar, er det ikkje nok no?

La mitt yngste barn om ti år få gå ut av ein grunnskule som har endra seg til det betre, der elev, lærar og foreldre alle kan ha gode dagar og kan stå inne for «sluttresultatet» av ti års skulegang.

Nok ressursar inn i skulen er og blir løysinga på dei fleste av utfordringane skulen står ovanfor, både no og på lang sikt!