Dei barnehagetilsette, mange foreldrerepresentantar og fagforbunda som har medlemmar i barnehagane har ropt opp om den alt for låge bemanningsnorma for barnehagar i særs mange år no. Det er nødvendig med ei bemanningsauke for alle alderskulla i barnehagane.

Det legemelde sjukefråveret i norske barnehagar, som omfattar over 100 000 tilsette, er på totalt 8 prosent, som er 63 prosent høgare enn gjennomsnittet for alle tilsette i Noreg. Talet på barnehagetilsette som går ut av arbeidslivet for godt, før dei fyller 63 år, er stabilt høgt. Samstundes er det nedgang i talet på dei som søkjar seg inn på barnehagelærarutdanningane.

I ei undersøking som Utdanningsforbundet har gjort blant 4600 av deira medlemmar som er barnehagelærarar svarar 29 prosent at dei ser for seg å slutte i jobben i løpet av 1–3 år, og dei fleste av dei som seier dette er 40 år eller yngre. I den same undersøkinga kjem det fram at berre 10 prosent av barnehagelærarane seier at dei ser føre seg å jobbe i barnehage i meir enn 10 år til. Ein rapport ifrå Statistisk sentralbyrå frå i fjor synte at berre 66 prosent av dei som arbeida som barnehagelærarar i 2011 framleis var barnehagelærarar i 2021.

Dagens bemanningsnorm gjer det vanskeleg for barnehagetilsette og følgje opp det stadig større ambisjonsnivået for barnehagane som rikspolitikarane vedtek gjennom ein stadig meir omfattande lov og forskrift.

Det er jo ikkje slik at kvar einskild barnehagetilsett plutseleg får fleire armar, eit ekstra fang og auge i bakhovudet av at politikarar på Stortinget og i regjeringa kjem med auka krav til innhaldet i barnehagane. Dei rammevilkåra som gjeld for barnehage i dag slit ut særs mange barnehageassistentar, barne- og ungdomsarbeidarar, barnehagelærarar og pedagogiske leiarar i barnehagane.

Fagforbundet, Utdanningsforbundet og Delta krev alle ei styrka bemanning med fleire tilsette i barnehagane, som fører til at det vert færre barn per vaksen. Raudt Sogn og Fjordane stør dette kravet. Ei auke i bemanninga i barnehagane er nødvendig, ikkje berre av omsyn til arbeidsvilkåra og den personlege helsa til den einskilde barnehagetilsette, men òg av omsyn til kvardagen til barnehagebarna.