Huskjøp på Flisnes vart det, og vi synest vi hadde kome til eit eldorado for småbarnsfamiliar: mange barn, leikeplassar og nærheit til både handelssenter og naturen. No har vi dessverre hamna i ein situasjon som får idyllen til å slå sprekker og bekymringane til å vekse: barnehagedekning.

Å sende barnet mitt i barnehage, er å sende frå meg det kjæraste og mest verdifulle eg har.

Sjølve barnehageopptaket framstår som ville vesten: private barnehagar har eigne vedtekter som styrer kven dei vil prioritere å gje plass til, og desse kan variere. Som foreldre har vi opplevd situasjonen som kaotisk og får beskjed om å ta kontakt med barnehagane. Barnehagane på si side seier at når barnet ikkje får plass i ordinært opptak har kommunen ansvaret, og vi må ta kontakt med dei.

Burde ikkje kommunen kunne stille krav til private barnehagar og ta ansvar for at alle barn i kommunen stiller på lik linje? Vi har berre blitt møtt av positive og løysningsorienterte tilsette, både i barnehagane og i kommunen, men det endrar dessverre ikkje realiteten: her er ikkje nok barnehageplassar! Det er heller ingen faste datoar for første-, andre- og tredjeopptak på nettstaden til kommunen, så når vi kunne forvente å høyre noko må vi finne ut frå jungeltelegrafen. Her bør Ålesund kommune kommunisere betre med innbyggjarane sine.

Det er kanskje naivt å tenke at ei stor kommune som Ålesund varetek innbyggarane sine rettar og vil legge til rette for småbarnsfamiliar, for det framstår ikkje som Ålesund kommune maktar å ta innover seg alvoret i situasjonen til mange familiar som står utan barnehageplass.

Å sende barnet mitt i barnehage, er å sende frå meg det kjæraste og mest verdifulle eg har, og samstundes stole på at ho har det bra. Det er skummelt. Eg synest det er enda verre å sende ho frå meg når ho må ut av nærmiljøet sitt fordi det ikkje er nok barnehageplassar her ho bur. Eg kjenner meg trygg på at dei tilsette i barnehagane i heile kommunen gir god omsorg til barna, men for ein eittåring blir dagane lange om vi skal bruke mykje ekstra tid på skyssing i kø til og frå barnehagen.

Ålesund kommune har vedtatt reguleringsplanar som har ført til ei massiv utbygging på Flisnes. Her bognar det i fleirmannsbustader, rekkjehus og einebustadar med leikeplassar på eine og andre hjørnet.

Det er for meg heilt ufatteleg, og framstår som totalt uansvarleg, at både administrasjonen og lokalpolitikarane kan gå for ei slik utbygging, utan å ha ein plan for barnehagar og skule. “Det er leit der ikkje er nok plassar i det området” seier kommunen til oss, men det burde ein kunne forvente at nettopp kommunen sørga for. Her er stor byggeaktivitet og eg vil berre anta at fleire småbarnsfamiliar vil kome til.

Eg kan ikkje finne noko informasjon om at det er planlagt for fleire barnehagar, og i følge oppvekstsektoren sjølv, skrik dei etter fleire plassar. Kvifor er det då ingen som tek dei, oss foreldre, eller aller viktigast: borna, på alvor?

I haust er det lokalval, og eg vil gjerne spørje dei som ønsker å kome til makta i Ålesund kommune kva løysingar dei har tenkt å kome med. Kva konkrete planar har dei for utbygging av barnehagar på Flisnes, Emblem eller Blindheim? Dei som har konkrete planar og løfte om eit raskt første spadetak er iallfall sikra mi stemme.