Om me vil så tvil om programmeringa fortener plassen sin, so lyt me òg spørja kva plass matematikken fortener i skulen. Han kan ha rett i at programmering gjev betre forståing i matematikk, men når det vert hovudpoenget opphøgjer han matematikken til eit mål i seg sjølv, og han misser hensikta med skulen av syne.

Matematikken har den same hensikta som andre skulefag. Det er språket som me bruker til å skriva alt frå natur- og samfunnsøkonomiske lover, til reglane som avgjer om du får lån av banken eller hjelp frå NAV. For å forstå demokratiet og byråkratiet som me lever i, treng ein å forstå matematikken som forklarer og regulerer det.

Dei matematiske modellane som ligg til grunn for statsbudsjettet eller smittespreiings-modellane i dag, er for store og samansette til at nokon vil rekna for hand. Dei vert programmerte, og utan innsikt i programmering vert sjølve matematikken utilgjengeleg. Det er lenge sidan unge menneske som gjorde det skarpt i skulematematikken, kunne få sin fyrste jobb som computer. Matematikken i vårt hundreår både handlar om og krev programmering.

Kunnskap er makt, og utdanning er fundamentet for demokrati og maktfordeling. Dersom skulen ikkje finn plass til programmering, risikerer me å auka skiljet mellom dei som kan matematikk og dei som ikkje kan det. Dei som skjøner dei matematiske modellane som ligg til grunn offentlege prosjekt, kan manipulera dei og bruka dei til å påverka avgjersler. Dei som ikkje skjøner korleis datamaskinene reknar, vil slita stadig meir med å få dei tenestene dei treng etter kvart som digitaliseringa held fram.

Digitalisering gjer byråkratiet meir effektivt, slik at det kan handtera fleire og meir kompliserte reglar, og dermed vert me meir framandgjorde enn nokon gong før. Det er mykje bra med digitalisering, men det er best for dei som best skjøner korleis det verkar.

Mange er redde for at KI skal ta over verda, men det skjer ikkje fordi maskinene tek til å tenkja, men fordi menneske sluttar å tenkja. Me bør vera like kritiske til dei som skyr KI pga. frykt for det ukjende og for dei som omfamnar KI utan å undrast over ukjende fylgjer. Bolverket mot kunstig intelligens er naturleg intelligens, og intelligens krev utdanning.

Eg er trygg på at kollega Andreas vil ta for seg mange viktigare spørsmål òg. Kva treng elevane å forstå om programmering? Korleis heng det saman med makt og demokrati? Me kan derimot ikkje lita på forskurane aleine. Dersom me skal venta på ny forsking for at politikarane skal skriva ny læreplan, før lærarane kan innføra det i skulen, ja, so kan ein heil generasjon veksa opp utan å forstå korleis verda rundt dei heng saman.