Av reportasjen kjem det fram at det er fleire foreldre som tidlegare har sagt ifrå om at dei er imot at skulen markerer Pride med å flagge. Kvifor valte då rektor å heise flagget i første omgang, vitande om at der var foreldre som ikkje ønska slik markering av Pride? Og kvifor valte rektor å ta mest omsyn til foreldregruppa som har protestert på at flagget så vart tatt ned?

Eg ser at der er påstandar i reportasjen om at Pride handlar om å lære barna toleranse og respekt for mangfald. Dette er eit godt føremål; men i denne samanhengen berre dersom ein trur på forteljinga om at det er dette gode føremålet feiringa av Pride handlar om. Flaggsaka kan nemleg like gjerne lære barna at i spørsmålet om Pride, så er det berre ei meining som er tillate. Kor er respekten for mangfald av meiningar blitt av i denne saka?

Også i samband med saka med Thon Hotels, såg vi den same intoleransen tydeleg demonstrert. Leiinga sitt ønske om nøytralitet og om å ikkje opptre splittande, vart kontant og høglydt avvist frå mange ulike hald. Også der valte dessverre leiinga å snu.

Etter desse to sakene i media, så trur eg ikkje at eg er aleine om å sitte igjen med ein vond smak i munnen: Ein smak som minner stygt om intoleranse og mangel på respekt for meiningar som ikkje stemmer med sine eigne. Men det mest skremmande av alt, så ser eg konturane av ein bevegelse med autoritære trekk. Det vitnar ikkje godt for framtida.